Kirke

- At kyrkjer har nådd ut til folk digitalt er berre flott

Kyrkjelege kommunikasjonsfolk er provosert av misjonskyrkjepastor Erik Andreassen, som meiner digitalsatsinga til Den norske kyrkja har gjort ho til «alt det djevelen frista Jesus med, og som han takka nei til».

I ein kommentar i Vårt Land uttrykte pastor i Misjonskirken Oslo seg kritisk til dei som har vore begeistra for norske menigheter sin suksess med å nå ut digitalt under koronakrisen.

«Det er selvsagt forlokkende i en tid hvor suksess måles i klikk og i en verden hvor Influencer har blitt en tittel. I denne tiden ble kirken relevant, populær og innflytelsesrik. Med andre ord: alt det djevelen fristet Jesus med, og som han takket nei til», skriv misjonskyrkjepastoren.

Reagerer

Andreassens innlegg har fått reaksjonar. Ein av dei som reagerer på innlegget til pastoren er kommunikasjonsrådgjevar i Bergen kyrkjelege Fellesråd, Tor André Ljosland.

– Mange prestar og friviljuge har forsøkt seg på nye medium og evna å nå ut til mange. Då må ein kunne unne dei gode attmeldingar og nokre «likes», seier Ljosland.

Koronakrisen har resultert i stengde kyrkjebygg og andaktar utan fysisk publikum. Etter at kyrkja måtte avlyse alle gudsteneste og arrangement, oppfordra dei folk til å møtast over internett.

Ljosland fortel at Bergen kommune gjorde ei undersøking som viste at kyrkja og trussamfunn var dei blant aktørar i kulturfeltet som best evna å ta vare på medlemmane sine under krisen. Han synest det er flott å se korleis kyrkja har evna å omstille seg digitalt.

– Kva skulle alternativet vore under denne krisen? Å ikkje gjere noko? Det er kjempepositivt at kyrkja har lukkast å nå ut, seier han.

Sigrid Rege Gårdsvoll er i ferd med å gå frå jobben som kommunikasjonsrådgjevar i Normisjon til å bli kommunikasjonsrådgjevar i Kyrkjerådet. På si Facebook-side skriv ho: «For ein vanvittig frustrerande konklusjon å komme til etter fire månader som verkeleg har vist krafta i sosiale medier for å spreie Guds ord og knytte fellesskap på nye måtar. Eg kan forstå bekymringa til Andreassen men han går heilt i grøfta her.»

Ei digital kyrkje

I innlegget til Andreassen stod det at «Antallet seere og konsumenter har vel sjelden vært en målestokk på kvalitet: Kirken har riktignok økt sitt digitale nærvær i koronatiden, men det har jo også pornoindustrien gjort.»

Det provoserer Tor André Ljosland.

– Akkurat det gjorde meg sint. Meiner han at ein heller skal overlate internettet til pornoindustrien? Er det nokon som kan stå opp mot dette så er det jo kyrkja. Vi må heller jobbe for å fylle internett med det gode og ikkje la det vere fylt med vondt, seier han.

Naturleg utvikling

Gode sjåartal er dei glade for, fortel han, utan at dei lar seg bli blinde på tala. Kommunikasjonsrådgjevaren synest likevel det er flott at kyrkja ser ut til å ha lukkast på internett og på digitale flater, og håpar det vil halde fram.

– Eg tenker at det er ei naturleg utvikling, at ein forsøker å nå ut på sosiale medium eller på podkastar - med å forkynne også her. At folk høyrer andakten på øyret over podkast er berre flott, seier han.

Han viser til korleis det før krisen berre var nokre få kyrkjer som tok i bruk digitale flater, medan det no er mange fleire. Han trur det kan føre til at fleire òg vil ta turen til dei fysiske kyrkjebenkane. Samstundes legg han til:

– Ei virtuell gudsteneste vil sjølvsagd aldri kome til å erstatte det å tale guds ord i dei faktiske kyrkjebygga.

LES MER:

Kirken tenkte nytt under korona. Det åpnet døren for flere

Merete Thomassen: Det som skjer nå, er en liturgisk revolusjon

Alf Gjøsund: Dette avgjør om kirken vokser på krisen

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke