Kirke

Ny podkast: BCC lettar på sløret

Berit Hustad Nilsen opnar opp om eksmedlemmar og sektstempel, Alf Gjøsund forklarar kva som har endra seg sidan han sjølv var «smithevenn» og Brith Dybing avkreftar at Hjelpekilden er imot kristendom.

– Eg er ganske avslappa til sektstempelet. Det er eit stempel andre vel å sette på oss, og eg trur ikkje desse kjenner oss særleg godt, seier styreleiar i Brunstad Christian Church (BCC), Berit Hustad Nilsen, når programleiar Dana Wanounou konfronterer ho med sektstempelet.

I den nye podkasten frå Vårt Lands debattredaksjon, Verdiduellen, kan du framover høyre meiningsmotstandarar frå dei mest engasjerande debattane i Vårt Land. Første episode handlar om BCC.

Høyr podkasten her: 

Endringar tyder på opnare samfunn

Med i panelet er også redaktør for religionsavdelinga i Vårt Land, Alf Gjøsund, som sjølv vaks opp i BCC, men braut med kyrkja for 30 år sidan.

– Den kyrkja eg forlet, er veldig annleis BCC i dag. Den gongen var det svært mange detaljerte krav til korleis ein skulle leve, fortel Gjøsund.

Gjøsund, som har følgt kyrkja tett frå sidelinja, har merka seg fleire endringar som tyder på eit opnare trussamfunn.

– Eg ser det på små teikn, som til dømes at Kåre Smith oppmodar unge menneske til å diskutere bibeltekstane seg i mellom. Då eg vaks opp i BCC var det ikkje opning for noko slikt, då skulle ein berre ta imot det som stod.

Problematiske religiøse miljø

Men det er ikkje alle eksmedlemmar frå BCC som ønskjer å stå fram i offentlegheita. Det veit Brith Dybing, styremedlem i Hjelpekilden, ein frivillig organisasjon som hjelper folk som står i problematiske brotsprosessar med religiøse miljø.

– Hjelpekilden er i kontakt med folk som er i ein brotsprosess med BCC no, samt folk som braut med samfunnet for eitt eller 30 år sidan.

Sjølv om Hjelpekilden hjelper folk ut av religiøse miljø, er dei ikkje religionsmotstandarar.

– Mange trur at vi er imot religion og kristendom. Det er vi ikkje i det heile. Fleire av oss, inkludert meg sjølv, er kristne. Poenget er at det er stor skilnad på sunn og usunn religiøsitet.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke