Det nordmenn ikkje vil ha lenger, gjer andre om til millioninntekter. Gjenbruk er blitt god butikk for fire kristne organisasjonar, Frelsesarmeen, Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), Det Norske Misjonsselskap (NMS) og Normisjon.
I fjor leverte alle solide bidrag til sine respektive eigarar, samla nesten 77 millionar kroner:
• Fretex: 30 millionar til Frelsesarmeen.
• NLM Gjenbruk: 25 millionar til Misjonssambandet.
• NMS Gjenbruk: 20 millionar til Misjonsselskapet.
• Galleri Normisjon: 1,9 millionar til Normisjon
LES MEIR Rojal opning av bruktbutikk
Klesberg
No trappar Misjonssambandet opp kampen om nordmenns velfylte klesskåp. Fretex har lenge vore marknadsleiande på innsamling av brukte klede.
Rapporten Klesforbruk i Norge frå Forbruksforskingsinstiuttet SIFO viser fram berget av tekstilar som NLM vil ta jafs av. Nordmenn har kleda sine i gjennomsnittleg i 5,4 år. Men mange plagg blir lite svært brukt. Faktisk blir åtte prosent av garderopen liggjande urørte.
Gåver
Måten vi skaffar oss klede på, har mykje å sei for bruken, avdekkjer rapporten. Klede vi får som gåver kler vi sjeldnare på oss enn dei vi kjøper sjølve.
Kartlegging avdekkjer også at kvar og ein kastar drygt 23 kilo klede og tekstil i året. Tekstil er sengetøy, handkle, dukar og gardiner.
Innsamla
– Når det kjem til klede blir rundt 50 prosent kasta. Dette betyr at av dei 78.000 tonna med nye klede som nordmenn kjøper kvart år, blir ikkje 35.000 tonn samla inn, fortel Bent Udnesseter i NLM Miljø.
Den daglege leiaren i det ferske miljøselskapet i NLM-konsernet, som har lang fartstid bak seg i Fretex, seier det slik:
– Det er nok brukte klede til alle, så vi vil ikkje «ta klede» frå andre innsamlarar.
LES OGSÅ: – Må finne bedre løsninger
Hemmeleg
Men han ønskjer at flest mogeleg skal velje innsamlingsboksane til NLM MIljø no når dei plasserte ut over heile Norge.
– Kor mange boksar skal de setje ut?
– Akkurat kor mange det blir, vil eg ikkje ut med. Men eg kan fortelje at første leveranse på 22 boksar er på plass, og at dei i desse dagar blir kjørt ut. Vi skal ha boksar utanfor alle bruktbutikkane til NLM Gjenbruk.
– Kvifor byrjar NLM med klesinnsamling?
– Vi ønskjer å utvide sortimentet i bruktbutikkane våre.
– Kva med det de ikkje får selt, kvar går desse kleda?
– Desse blir selt til oppkjøparar i særleg Polen, Estland og Tyskland.
Både NMS Gjenbruk og Galleri Normisjon fortel Vårt Land at dei ikkje har planar om å starte med klesinnsamling.
LES MEIR Møter Jesus i bruktsjappa
Forbrenning
Dette er tekstilberget NLM Miljø vil forsyne seg av:
• 113.000 tonn tekstilavfall årleg.
• 42 prosent stammar frå hushaldningane, 9,7 kilo.
• 31 prosent frå hotell og sjukehus.
• 57 prosent er klede og skotøy.
• 30 prosent er møbeltekstilar og hushaldningsprodukt.
Rapporten Klesforbruk i Norge fortel at om lag 28 prosent av tekstilane i søpla kunne vore gjenbrukt. Storparten av tekstilavfallet, 66 prosent, går til forbrenning saman med resten av hushaldningsavfallet.
Visse klede blir ikkje sendt til gjenbruk, men kasta rett i søpla: Undertøy, sokkar og strømper. Også øydelagde og utslitne klede blir kasta i hushaldningsavfallet.
Jesus
Dei fire organisasjonane som satsar på gjenbruk oppgjev motiv for arbeidet som har mange fellestrekk:
Galleri Normisjon: «Overskotet frå butikkane blir fordelt mellom internasjonalt hjelpearbeid i regi av Normisjon og et arbeid som ynskjer at born og unge skal bli kjend med Jesus.»
NMS Gjenbruk: «Overskuddet fra driften går til NMS’ arbeid med å dele tro på Jesus, utrydde fattigdom og bekjempe urettferdighet.»
NLM Gjenbruk: «Overskuddet fra NLM Gjenbruk går til Norsk Luthersk Misjonssambands bistands- og diakoniarbeid over hele verden.»
Fretex: «Fretex skal bidra til at mennesker får og beholder arbeid. Fretex skal bidra til et bedre miljø gjennom blant annet gjenbruk og gjenvinning.»
Motiv
Dagleg leiar Ina Kjøstveit i NMS Gjenbruk er sjef for nesten 2.000 frivillige medarbeidarar som driv 50 gjenbruksbutikkar. Ho seier at to ord motiverer folk til å bruke fritid i butikkane:
– Miljø og misjon.
– Vi gjer vårt for at nordmenn kjøper mindre nytt, og vi sikrar misjonsarbeidet viktige inntekter.
Lokalt
Medan Fretex, NLM Gjenbruk og NMS Gjenbruk sender overskota til hovudkontora, har Galleri Normisjon valt ei anna løysing. Kvar av dei ni butikkane har eit styre, og desse styret avgjer kven som skal få overskotet.
– I Oslo går overskotet til internasjonalt arbeid, via hovudkontoret. Andre gjev midla til Acta i regionen der butikken ligg, fortel Lillian Dombestein, dagleg leiar i Galleri Normisjon. Acta er Normisjons barne- og ungdomsorganisasjon.
---
Gjenbruk
- Desse organisasjonane driv gjenbrukskjeder:
- Frelsesarmeen driv innsamlingsselskapet Fretex, ei kjede med 50 gjenbruksbutikkar, og 2.000 innsamlingsboksar for klede.
- Misjonssambandet driv NLM Gjenbruk, ei kjede med 34 gjenbruksbutikkar, har etablert NLM Miljø for å drive klesinnsamling.
- Misjonsselskapet driv NMS Gjenbruk, ei kjede med 50 gjenbruksbutikkar.
- Normisjon driv Galleri Normisjon, ei kjede med ni butikkar.
---