– Kanskje på tide å la Sindre Finnes og Erna Solberg få litt pustepause
TILLIT: Både ein professor og ein næringslivsleiar har tru på at Økokrim si vurdering om å ikkje opne etterforsking i aksjesaka er riktig.
TILLIT: Professor Ola Grytten har tillit til at politiet har gjort jobben sin i undersøkinga av Finnes.
Marit Hommedal/NTB Tema
På fredag bestemte Økokrim seg for å ikkje opne ei etterforsking av aksjehandelsaka til Erna Solberg og Sindre Finnes. I ei omfattande framleggjing presenterte Økokrim-sjef Pål Lønseth sitt syn, og sa at Finnes hadde krav på å bli vurdert som uskuldig.
Tidlegare har Finnes fått kritikk for å spekulere i aksjar som satsa på at den norske økonomien skulle gjere det dårleg, same tida som næringslivet sleit i møte med covid-pandemien.
– I eit tillitsperspektiv blir dette problematisk, men ikkje juridisk.