Kallar kristenkonservativt bibelsyn eit paradoks

EKTESKAP: Å kunne ta eit val om å underordne seg ein mann er eit paradoks, meiner kjønnsforskar Jorunn Økland: – Meir enn eit kristenkonservativt bibelsyn, framstår dette med underordning som ei hypermoderne vending.

Jorunn Økland teolog senterleder professor i humanistisk kjønnsforskning senter for tverrfaglig kjønnsforskning
UNDERORDNING: Då kvinner ikkje var synlege i offentlegheita, var argumentet for underordning «sjå på skaparverket». Då kvinner etterkvart meistra ordet, skifta argumentasjonen, fortel teolog og kjønnsforskar Jorunn Økland.
Publisert Sist oppdatert

Det vekte oppsikt, med motinnlegg og kommentarar, då skribent og tidlegare kyrkjepolitikar Sofie Braut fortalde om synet ho har på rollefordelinga i ekteskapet til Stavanger Aftenblad.

Bakom Bibelens tekstar kor ein finn hald for synspunktet om underordning, ligg eit patriarkalsk – mannsstyrt – samfunn, peiker teolog og kjønnsforskar Jorunn Økland på. Derfor må passasjane tolkast ut frå tida dei blei skrivne i, meiner ho.

Oppløysinga av desse hierarkiske strukturane ser ein spesielt skje rundt den franske revolusjonen, ser Økland. Med opplysningstida kom tanken om at alle borgarar skulle vere like, ikkje leia av ein konge eller ein prest.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS