Julekort førte til besøksboom i kyrkja
DEN NORSKE KYRKJA: For å skille seg ut i eit hav av digital marknadsføring sendte to kyrkjelydar ut jolekort med invitasjon til kyrkja. Det førte til stor besøksauke og mange nye fjes.
SENDTE UT INVITASJONAR: Nesten 50 prosent fleire besøkte familiegudstenesta på julaftan i Skåre kyrkje i år enn i fjor.
Eirik Lund
– Dei tilsette i kyrkja braut ut: me kjenner nesten ingen her. Det er ekstra gøy når mange me ikkje ser elles dukkar opp.
Det seier Eirik Samdal Lund. Han er informasjonsarbeidar i Haugesund kyrkjelege fellesråd.
Før jul fekk han ein idé.