Jødiske kvinner om 8. mars-tog: – Dette ønskjer me ikkje å utsette oss for ein gong til
KVINNEDAGEN: I fjor vart jødiske kvinner som ville gi støtte til israelske kvinner utsett for seksuell vald i Israel og i Gaza, kasta ut av 8. mars-toget. I år vil dei ikkje delta.
– SJOKK: Yael Nilsen skulle saman med andre jødiske kvinner gå i 8. mars-tog i fjor. – Det var inga vilje til å sjå oss, høyre oss eller anerkjenne oss. For meg var det eit eksistensielt sjokk, seier Nilsen til Vårt Land.
Privat
– 8. mars i fjor var ei skiljelinje, ein milepæl for den jødiske minoriteten i Norge, seier Yael Nilsen til Vårt Land.
Nilsen var ein av arrangørane av gruppa med jødiske kvinner som vart hindra i å delta i 8. mars-toget på kvinnedagen i fjor. Ho fortel at dei då vart invitert av 8. mars-komiteen, og møtte opp i god tru, men at det heile enda med det ho skildrar som «ei traumatisk oppleving» for dei jødiske kvinnene som deltok.
Dei jødiske kvinnene vart fysisk hindra av arrangementet sine eigne vakter, har dei før fortalt avisa. Nilsen fortel at fleire i folkemengda rundt ropte skjellsord og kampord mot dei, noko dei opplevde som svært truande. Spenninga mellom vakter og demonstrantar eskalerte, og til slutt måtte politiet gripe inn og gi beskyttelse til dei jødiske kvinnene.