Jehovas vitne klagar på statstilskotsnekt
TRUSFRIDOM: Jehovas vitne klagar inn Statsforvaltaren sitt avslag på statstilskot til trussamfunnet til Barne- og familiedepartementet.
KLAGAR: Jehovas vitne meiner mellom anna at Statsforvalteren ikkje førte ein rettferdig og upartisk prosess, og at avgjersla om å nekte trussamfunnet statstilskot for 2021 «diskriminerar og stigmatiserar over 12.000 Jehovas vitne i Noreg.»
Terje Pedersen
I januar blei det klart at Statsforvaltaren i Oslo og Viken vil nekte Jehovas vitne statstilskot for 2021 på grunn av eksklusjonspraksisen deira. No har trussamfunnet klaga inn avgjersla til barne- og familiedepartementet.
Det stadfestar Fabian Fond, kommunikasjonssjef i det skandinaviske pressekontoret til Jehovas vitne.
— Klaga forklarar tydeleg korleis vår religiøse tru og lære fullt ut respekterer rettane og fridomen til andre. Denne avgjersla ignorerer retten individ, inkludert modne ungdommar, har til trusfridom, og den undergrev retten foreldre har til å gje rettleiing og religiøs opplæring til sine barn, skriv Fond i ein e-post til Vårt Land.