– Ingen av oss ynskjer ein uendeleg stillingskrig

FRIKYRKJA: Leiaren for utvalet som jobbar med samliv meiner det er heilt naudsynt for ei kyrkje å ha éi lære, men seier ein ikkje har meiningstvang.

Hovudpastor i Bergen frikirke, Tor Erling Fagermoen. Leiar av dialogutvalet i Frikyrkja (Frikirken).
RESPEKT: – Me må sørgje for ein balanse, der det er rom for ulike meiningar, samstundes som ein har respekt for læra ein står saman om, seier leiar av dialogutvalet i Frikyrkja, Tor Erling Fagermoen.
Publisert Sist oppdatert

– Før synodemøtet i fjor hadde me eit svært krevjande samtaleklima. Vedtaket gjorde at me fekk ro i organisasjonen. Det treng me, seier hovudpastor i Bergen frikirke, Tor Erling Fagermoen.

Vedtaket han siktar til er då Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) på si «generalforsamling» i fjor sommar slo fast at «ekteskapet er Guds gode ordning for samlivet mellom éin mann og éi kvinne».

I vedtaket stod det også at eit nyoppretta dialogutval skulle jobbe fram ein «heilskapleg samlivsteologi» og eit dialogskrift der ein presenterte ulike syn.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS