Ho har sett seg eit ambisiøst mål. Dette er kyrkjebesøk nummer 47
SAFARI: Når Therese Egebakken er på gudsteneste i Ålgård kirke, er ho 52 prosent på veg til å fullføre målet sitt.
GUDSTENESTEGJEST: Utsmykking, musikkval og måtar å preike på – Therese Egebakken er fascinert av forskjellane i kyrkjesamfunnet ho høyrer til. Likevel kjenner ho seg heime overalt.
Ruth Einervoll Nilsen
90 kyrkjelydar står på lista. Søndag etter søndag blir dei kryssa av – heilt til ho har runda heile Stavanger bispedømme.
Therese Egebakken anslår at prosjektet kan vere ferdig i løpet av fire år, men ho har fått ei logistisk utfordring:
– Eg har ikkje bil, seier Egebakken og ler.