Ho er ein av få pipekrageprestar att i Norge
DEN NORSKE KYRKJE: Då Sylvi Baardseth Panjwani valde å behalde pipekragen på 80-talet, var ho plutseleg i selskap med dei mest konservative prestane, der mange var motstandarar av kvinnlege prestar.
EIN AV FÅ: Prest Sylvi Baardseth Panjwani var ein av få prestar som valde å behalde den karakteristiske pipekragen etter 1980.
Erlend Berge
– Eg arva dette av broren min si svigermor. Ho sydde, vaska, og sette opp pipekragar. Mannen hennar laga utstyret ho trengte. Jernet er ein modifisert loddebolt. Dette er spesielt utstyr, seier prest Sylvi Baardseth Panjwani til Vårt Land, medan ho viser fram ein rund tregjenstand og ein medhøyrande lang, tynn jernsak med leidning.
Utstyret brukar ho til å stryke pipekragen sin.
Nede i krypten i Gamle Aker kyrkje heng eit stort måleri av Theodor Dop – den første soknepresten i Gamle Aker kyrkjelyd, etter at soknet vart skild ut i 1861. Han ber ein svart prestekjole med ein kvit pipekrage rundt halsen – ein klassisk prest på 1800-talet.