Har fått hatmail etter å ha takka nei til konge-teikning. Avviser ikkje å melde det til politiet

UTSMYKKING: Styreleiar ved Stord kristne skulen fortel at det har kome hatmail etter at skulen avviste ei kongeteikning med regnboge på. Han avviser ikkje at dei vil melde saka til politiet.

Tomas Moltu, styreleiar ved Stord kristne skule og teikning av Kong Harald av kunstner Frida Marie Grande.
STYRELEIAR: Tomas Moltu, styreleiar ved Stord kristne skule, seier det er spesielt å trakassere og stigmatisere nokon som er av ei anna oppfatting enn seg sjølv. Frida Marie Grande si teikning av Kong Harald til høgre.
Publisert Sist oppdatert

Førre veke skreiv Vårt Land om Stord kristne skule, som takka nei til ei teikning av Kong Harald med ein regnboge, og teksten: «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre».

Sitatet er henta frå kongens tale under ein hagefest i Slottsparken hausten 2016.

Det var Utdanningsforbundet i Stord som gav alle barne-, ungdoms- og vidaregåande skular tilbodet om teikninga. Ideen kom etter skytinga i Oslo tidlegare i sommar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP