Fryktar religionstabbar
Born lærer ikkje nok om sine veners religion og livssyn, meiner forskarar. – Vi er redde for å støyte, seier barnehagelærar.
Regionale undersøkingar viser at born flest ikkje lærer om sine veners religion og livssyn i barnehagen. Det er svært problematisk, meiner forskarar.
NTB scanpix
– Ein tilsett hjå oss som er muslim tykkjer det er vanskeleg å ta tak i det kristne, fordi ho føler ho ikkje kan nok om det. Den same opplevinga har eg når det kjem til islam, fortel pedagogisk leiar i Kværnerdalen barnehage i Oslo, Tor Øystein Aikio.
Han opplever at å formidle religion til barnehageborn er vanskeleg. Av dei kristne høgtidene er påska spesielt vrien.
– I jula har du songar, og då kan ungane spørje om dei vi syng om. I påska er det meir salmar, ikkje enkle barnesongar. Lidingshistoria er tungt stoff å ta tak i for 3-4-åringar, seier Aikio, som har jobba i barnehage i 15 år.
Bestill abonnement her
KJØP