Frivillighet Norge ber frivillighetsmesse snu om religionsnekt
FRIVILLIG: Fleire reagerer på Hamar kommune si ekskludering av aktørar med ein religiøs bodskap. – Det er farleg å byrje å segregere, meiner Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd.
KRITISK: – Eg håpar dei vil gå vekk frå ei slik avgrensing, seier generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen.
Frivillighet Norge/Birgitte Heneide
– Kva i all verda er dette? Kan det stemme?
Erhard Hermansen, generalsekretær i Norges Kristne Råd, fortel om reaksjonen då han fyrst høyrte om saka Vårt Land skreiv om på måndag, om at Hamar kommune ikkje ville ynskje alle velkomen då dei inviterer til Frivillighethelga. «Arrangementet er ikkje ope for organisasjonar med politisk, religiøst og/eller diskriminerande bodskap», presiserte dei nemleg i invitasjonen til å melde seg på.
Dette gjorde mellom anna sokneprest i Hamar kyrkje, Per Erik Stave Engdal, usikker på om barnekoret fekk lov til å delta.