Fotballspelar Tobias Svendsen har slite med angst i fem år etter spiritisme-episode

MENTAL HELSE: – Det sette heilt sinnsjuke spor i meg, seier Lillestrøm-spelar Tobias Svendsen, om ein episode med eksperimentering med spiritisme med kompisar. Dei siste åra har han vore sterkt prega av redsel og angst.

Eliteserien fotball 2017: Odd-Molde (1-2). Molde trener Ole Gunnar Solskjær sammen med Tobias Svendsen etter eliteseriekampen mellom Odd og Molde på Skagerak Arena.
ÆRLEG: Tobias Svendsen bestemte seg for å opne seg opp om ein mørk hemmelegheit dei siste fem åra. Her er han i 2017 saman med dåverande Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær, etter ein eliteseriekamp mellom Odd og Molde på Skagerak Arena.
Publisert Sist oppdatert

– Me prøva på noko me hadde sett på film. Noko spiritisme. Som eigentleg berre skulle vera noko uskuldig moro, seier 21-åringen i eit felles intervju med Romerikes Blad og VG.

Han er opphavleg frå Molde, og var lenge kjend som eitt av dei største fotballtalenta i Noreg. Likevel forsvann han litt ut av overskriftene, og det store gjennombrotet som senior har late vente på seg.

Etter opphald i fleire ulike klubbar, skreiv han i fjor kontrakt med Lillestrøm ut 2023.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS