Engelske kyrkjeleiarar om forbod mot «homoterapi»: – Vi er villig til å bli kriminelle
STORBRITANNIA: Meir enn 2000 kyrkjeleiarar har signert eit opprop mot å gjere konverteringsterapi forbode. – Eg er villig til å gå i fengsel, seier ein pastor til den britiske avisa Christian Today,
DISKUSJON: Debatten om forbod mot konverteringsterapi, eller såkalla «homoterapi», rasar i Storbritannia. Statsminister Boris Johnson og regjeringa hans ønsker å innføre eit forbod. No har ei rekkje britiske kyrkjeleiarar signert eit opprop mot forbodet.
Matt Dunham
«Kategorien konverteringsterapi er så brei at den eigentleg er meiningslaus (...) Å innføre lovforbod mot ein så brei kategori gjev openbert ikkje meining og fører med seg ein stor risiko for å kriminalisere oss når vi oppfyller våre nestekjærlege plikter som kristne prestar og pastorar.»
Det står det i eit brev til den britiske likestillingsministeren, som i skrivande stund har over 2000 signaturar. Dei som har signert skal vere britiske kyrkjeleiarar, og dei fleste oppgjev tittel og kyrkjetilhøyrsel. Meir enn 500 oppgjev å tilhøyre den britisk statskyrkja Church of England, skriv avisa Christian Today.
Lovframlegg på høyring
Bestill abonnement her
KJØP