Religion

Ein vekkar

Dorothee Ziller trur denne tida kan opne auga våre for kor verdifullt fellesskapet er.

– Eg tenker at det er viktig å stå saman om håpet. Vi kan alle be om at håpet og Guds kjærleik skal halde oss oppe, seier Dorothee Ziller. Ho er kapellan i Tanum kyrkjelyd i Bærum.

– Korleis er arbeidskvardagen din no?

– For det første er eg ein av dei som har barn heime, så det krev ein del av mi tid. På jobb arbeider vi mykje i grupper og på tvers av fag. Det er vanskelegare å få til no. Elles inneber ein stor del av min arbeidskvardag å møte menneske. Gudstenesta er pulsen som går frå veke til veke. No er det vekk, og det endrar ganske mykje. Det er ingen fysiske møter, ansikt til ansikt. Men i påska laga vi ei aktivitetsløype for barn i skogen og påskevandringar ute for vaksne.

LES OGSÅ: Alf Gjøsund: «Nå har kirken sin mulighet. Dette avgjør om kirken vokser på krisen»

– Har du mindre å gjere, som prest, enn vanleg?

– Det er ein annan måte å jobbe på. Det er ikkje slik at vi ikkje har noko å gjere, men vi må gjere det på andre måtar. Det er enormt stor kreativitet rundt om i dei forskjellege kyrkjelydane. Eg ynskjer å vere aktiv diakonalt. Det inneber mellom anna sjelesorgsamtalar over telefon.

Kva er den største utfordringa i denne perioden?

– Eg tenker på alle dei som tek avskjed med eit familiemedlem eller ein person som har stått dei nær. Det er trist å måtte gjennomføre gravferd med færre menneske til stades. Men det som kanskje er mest utfordrande, er at vi ikkje får besøkt menneske som er einsame. Vi får til dømes ikkje kome inn på sjukeheimane. Vi ynskjer å trøyste kvarandre, og det gjer vi ofte ved å møtast. Snakke med kvarandre. Denne tida opnar kanskje auga våre for kor verdifullt fellesskapet er. At nærværet kanskje er noko vi tek for gitt til vanleg.

Les meir om korleis prestar handterer koronakrisa:

• Stine Kiil Saga kom heim til eit forandra Noreg

• For Sunniva Gylver har det blitt endå tydelegare at kriser rammar hardast dei som er hardt ramma frå før

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion