Å vera biskop i Oslo kan vera krevande enkelte gonger, tykkjer Kari Veiteberg

Då har ho gått rett i kjellaren. På kne

– Eg fått så mykje anerkjenning at viss nokon gir kritikk, er det greitt

Publisert Sist oppdatert

I Oslo bispegard fører ei lita trapp ned til ei tung dør. Over inngangen heng Oslos vernehelgen, sankt Hallvard, med dei kjente symbola i hendene – tre pilar og ein kvernstein. Biskop Kari Veiteberg går ned trappa og slår på lyset i rommet som ikkje har vindauge.

Dette er kapellet i bispegarden, krypten. Oslos eldste møblerte rom, ifølgje biskopen. Ein gong var det ein del av Olavsklosteret som bispegarden er bygd på. Hit har biskopen ofte gått på måndagar når veka startar, eller når ho har arbeidd med vanskelege saker.

Bakarst på ein stol hentar ho eit lite teppe og ei pute som ho set seg på i midtgangen, på kne. Slik sit ho ofte i ein halv time for å komme inn i stilla under den kvite steinkvelvingen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS