Etter åtte år er det rom for dei

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Dilani Johnsen Collin har akkurat fått beskjed. Ho vekslar mellom å sjå lamslått, uroa og overlukkeleg ut.

Ho bokstaveleg hoppar bortetter gangen. Leitar etter foreldra. Seier ho må finne fram uteklede.

Så er det som om ho punkterer litt. Ho set seg ned i våpenhuset. Inn kjem Odd Fredriksen, ein nær ven og medlem av støttegruppa til familien Collin.

– Kvifor sit de inne? spør han lystig.

– Eg veit ikkje, svarar Dilani.

Ho lenar seg framover og gøymer fjeset bak handflatene. Ser så bort på mora.

– Tørr me å gå ut?

Kan dei stole på at det verkeleg er trygt? Det som i så mange år har vore farleg? Ein ting er det lokale politiet. Kan det koma andre? Mange tankar blir lufta før Dilani har bestemt seg.

– Ja, me kan prøve?

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Låste seg inn

Dagen før: Ho held éi hand på magen, og éi rundt overarmen til kjærasten då han bankar på døra. Ei lita ljosstrime siv ut då døra blir opna opp, men berre på gløtt.

Fjesa til det unge paret fell saman då avslaget kjem. Dei blir ikkje ynskt velkomen inn. Det er ikkje plass til dei i herberget.

Fleire titals trillrunde barneaugo fylgjer paret nøye då dei i staden finn seg til rette i ein stall. Der er dei omringa av søte sauer laga av samanrulla saueskinn med pålima augo og det som liknar litt på kaninøyrer.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Det er det niande året der Dilani spelar Maria i julespelet i Finnsnes kyrkje. Det er åtte år sidan ho og foreldra redde og fortvilte låste seg inn i det same bygget, fordi det ikkje var rom for dei i det norske samfunnet.

Endå veit ho ikkje at det berre er timar til ho skal forlate kyrkja for fyrste gong sidan 2014.

---

Kyrkjeasyl

  • Historisk er asyl bruka om ein heilag stad der ein forfylgd ikkje kunne gripast. Det er lange tradisjonar rundt om i verda for at folk i naud kan søkje tilflukt i kyrkjebygg
  • Det er ikkje ei kyrkjeleg ordning, men noko menneske i naud sjølve etablerer når dei går inn i ei kyrkje for å søkje tilflukt.
  • Kyrkjeasyl fekk ei formell forankring i Noreg i 1993, då justisminister Grete Faremo sende ut ein instruks til politiet om ikkje å hente ut asylsøkjarar frå kyrkjebygg.
  • Justisminister Emilie Enger Mehl stadfesta i januar 2022, at det ikkje er aktuelt å endre instruksen frå 1993.
  • I budsjettavtala for 2023 kjem det fram at Justisdepartementet skal byrje på et arbeid for å sjå på rammeverket rundt kyrkjeasyl.

Kjelder: Store Norske Leksikon, Vårt Land.

---

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Vekt av politiet

Far Antonipillai, men av kjentfolk berre kalla Collin, mor Merry Anjala, som blir kalla Anjala, og dottera Dilani kom til Noreg i 2009.

Dei søkte asyl fordi dei var med i separatistrørsla tamiltigrane (LTTE) i heimlandet Sri Lanka. Landet hadde då vore prega av borgarkrig i over 25 år, på grunn av konflikten mellom folkegruppene singalesarar og tamilar.

Familien Collin Johnsen er sjølve katolske tamilar.

I 2010 får dei sitt fyrste av mange avslag. I fem år bur dei i Finnsnes fyrst på asylmottak, så i ein leilegheit medan saka blir prøva fleire gonger både i rettssystemet og av utlendingsstyresmaktene. Kvar gong får dei avslag. Og to gonger har dei vore ei hårsbreidde unna å bli sende heim.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Det fyrste året Dilani var med i julespelet var ho stolt av å vera den fyrste brune Maria. Ho la seg med ei god kjensle kvelden etter den siste førestillinga.

Berre timar seinare blir ho og foreldra vekte av politiet som skulle sende dei ut av landet med tvang. Dei blei flydd til Oslo og plasserte på Trandum utlendingsinternat rett ved Gardermoen for å bli sendt til Sri Lanka med fly dagen etter.

Den natta hugsar eg veldig godt. Me knela og bad og bad. Me ropa på Gud. Kva kunne me gjera? Me var livredde for å reise tilbake til Sri Lanka, fortel Dilani.

Det som skjer dagen etter kallar ho eit mirakel. Ho er sikker på at Gud høyrde ropa deira den søvnlause natta på Trandum.

Familien prøvar desperat å forklare at avslaget deira er sendt vidare til tingretten og at dei ikkje skal deporterast før saka er ferdig handsama. Dei blir geleida inn på eit fly, og då det byrjar å køyre vekk frå terminalen ser det svart ut.

Den natta hugsar eg veldig godt. Me knela og bad og bad. Me ropa på Gud.

—  Dilani Johnsen Collin

Men kort tid etter snur flyet og den vesle familien blir bedne om å gå av. Den same politimannen som tok dei med inn på flyet ynskjer dei velkomne tilbake. I siste liten har kravet om stans av utsending nådd dei rette personane og familien får reise tilbake til Finnsnes i Senja kommune.

Sov på ein benk

Tida går. Saka går vidare til lagmannsretten, men heller ikkje her går det vegen for familien Collin. Dei ankar til høgsterett. Saka er endå ikkje ferdig handsama i rettssystemet. Dilani er sikker på at denne gongen er dei trygge frå å bli deporterte i mellomtida. Men faren, Collin, er ikkje så sikker:

– Eg var veldig redd. Eg klarar ikkje å setje ord på kjensla, men eg fekk ikkje fred.

Han endar opp med å sova på ein benk utanfor kyrkja tre netter på rad, i redsel for at politiet skal hente dei ut av heimen deira, slik som sist. Han veit ikkje kva anna han kan gjera. Han tørr i alle fall ikkje å vera heime i leilegheita.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Familien kranglar mykje desse dagane. Collin vil så gjerne ha med seg kona og dottera. Er så frykteleg redd for at politiet skal ta dei. Dilani vil slettes ikkje sova ute på ein benk. I midten står mamma Anjala.

Etter tre dagar aleine på benken gjev kona etter. Ho blir med. Kan ikkje også Dilani bli med? Berre for denne eine natta?

– Mamma masa og masa. Og no hadde pappa komme på at han hadde nøklar til kafeen han jobbar frivillig på i kjellaren på kyrkja, så me kunne sova på sofaen inne, fortel Dilani.

Då klokka bikkar ti på kvelden gjev ho etter for presset. Ho har mobilen i lomma og ein sovepose under armen. Meir treng ho ikkje for berre éi natt, tenkjer Dilani.

Men litt før fem morgonen etterpå ringjer telefonen hennar. På nytt og på nytt. Det er leiaren på asylmottaket.

Ho forstår at noko ikkje er som det skal. Politiet er heime hjå dei. Dei reiser også heim til Kjellrun Skoglund og ektemannen Odd Fredriksen. Kjellrun har kjent familien sidan dei kom til Finnsnes i 2009 via arbeidet hennar som diakon, og politiet veit at dei er nære kvarandre. Men Kjellrun veit ikkje kvar familien Collin er.

Det som skulle bli éi nått blei til godt over åtte år innanfor veggane til arbeidskyrkja frå 1979 som ligg i sentrum av Finnsnes.

Her har dei vore trygge frå den ståande ordren politiet har hatt om å arrestere familien. Sidan 1993 har norsk politi hatt ein instruks om ikkje å hente ut asylsøkjarar frå kyrkjebygg.

Pepperkakehus og -kyrkje. Fam Johnsen Collin i kyrkjeasyl. Reportasje Finnsnes

Bur på same rom

I dag er Dilani 34 år, faren Collin er 71 og mora Anjala er 65. Unntakstilstanden har blitt ein ny normal. Dei viser gjerne Vårt Land rundt i heimen sin.

Det går aldri mange minuttane mellom kvar gong Dilani ler godt eller smiler eit smittande smil. Ein kunne tenkt at det er fordi dei for berre ei veke sidan fekk beskjed om at dei er sikra opphald i Noreg etter ei eingongsavtale i statsbudsjettet, men dei som kjenner ho seier ho alltid har eit smil og ein klem på lur.

Inn i enden av ein gang, forbi kyrkjestova, peisestova, toaletta og eitt innhuk med biljardbord og fussball, er det ei dør med eit skilt der det står «Bibliotek».

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Innanfor døra, i det om lag 35 kvadratmeter store rommet, har familien levd store delar av dei siste åtte åra. Her er senger, ein sofa og eit sofabord, ein kontorkrok og ein benk med ein mikrobølgjeomn og det mest grunnleggjande for å stelle seg mat, dersom det større kyrkjekjøkenet er oppteke til arrangement eller aktivitetar.

Dilani viser entusiastisk fram ein heil bunke med kort, sjokolade og gåver dei har fått dei siste dagane, etter at det blei kjent at dei får bli i Noreg.

Oppå nokre av konfektøskjene ligg det ein bunke flygesedlar og plakatar for fakkeltoget som var planlagt til støtte for familien den 13. desember. No er støttegruppa og familien sjølve i full gang med å gjera om markeringa til ei feiring av dei gode nyhenda.

Far Collin finn fram ei stor utklippsbok der dei har samla alt som er skrive om saka i ulike aviser opp gjennom.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Beskjeden som endra alt

For saka til den vesle familien har engasjert mange, og spesielt i lokalsamfunnet. Ei eiga støttegruppe har jobba utrøytteleg sidan 2015 for å halde oppe fokuset på situasjonen til kyrkjeasylantane.

Tidlegare diakon Kjellrun er no pensjonist, men saka deira har ho ikkje slutta å engasjere seg for. Tvert imot. Ho leier støttegruppa. Det har vore ei lang arbeidsøkt med mange nederlag.

Men ei veke før Vårt Land tok turen skulle det altså endeleg snu. Kjellrun har vore på kjøpesenteret nede i Finnsnes sentrum for å handle julegåver.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Ho har så vidt komme inn dørene då telefonen ringjer. Det er Dilani i andre enden. Og sjølv om ho har blitt god i norsk etter alle åra i kyrkja, gjer kombinasjonen av latter gråt og snakking det vanskeleg å forstå. Men når det går opp for Kjellrun kva Dilani prøvar å seie, slepper ho handleposane i golvet og byrjar å gråte sjølv.

– Me kjem, han Odd og eg, får ho stotra fram, før ekteparet sporenstreks skundar seg den vesle stubben bort til kyrkja.

Der finn dei Dilani, sokneprest Ruth Astrid Stellmacher og kyrkjelydssekretær Trude Killie Solli gråtande inne på kontoret til sistnemnde.

– Sa han verkeleg det?

Budsjettforhandlar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, har lenge jobba for å få inn eit punkt i budsjettavtala med regjeringspartia som gjev familien opphald. No er ei eingongsløysing klar, og han har ringt Dilani for å gje ho dei gode nyhenda.

– Han sa det kunne ta litt tid før me fekk koma ut av kyrkja, og han sa mange ting, men eg blei heilt vekke. Han spurte til slutt om eg framleis var der, fortel Dilani som i dag ler litt av seg sjølv.

– Eg spurte meg sjølv, sa han verkeleg det? Meiner han det? Kan det vera sant?

Tankane fyk i 120 kilometer i timen. Han seier ho ikkje må seie det til for mange før pressekonferansen same kveld. Sa han noko om fire månadar? Seks? Ho er usikker då ho overleverer nyhenda til foreldra. Men ein ting er sikkert: Dei skal få lov til å bli i Noreg.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.


Har bedd for familien

– Etter kvar tysdagsandakt har me hatt bønnestund der me har bedd for familien.

Det fortel Vivi-Ann Øvereng.

– Og tenk no …

Ho brukar nokre sekund på å hente seg inn frå kjenslene. Ser ut som ho nesten ikkje kan tru at saka endeleg har fått ei løysing.

– Dei er fantastiske folk, bryt ho ut, med eit stort smil.

Også i dag er det tysdagssamling med mat i kyrkja, men denne gongen er det julespel i staden for den ordinære andakten.

Øvereng er i fullt kostyme, og har i oppgåve å skrive inn barnehagebarna i manntalet då dei kjem inn i kyrkja.

Framfor ho ligg det ein rull gulna papir og ei staseleg fjør som det er festa ein kulepenn i enden av.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Kongeprost

Men trass i dei gode nyhenda er det no, ei veke etter, usikkert når familien trygt kan ta turen utanfor kyrkjeveggane. Rett nok har dei opp gjennom åra av og til drista seg til å setje seg på benken rett utanfor hovudinngangen for å trekke luft.

Men dei har sett politiet rett utanfor kyrkja, så dei kjenner seg aldri heilt trygge.

Førestilling nummer to i dag nærmar seg slutten. Denne gongen er det ope for alle, og alderen i publikummet strekkjer seg frå nokre få månadar til ut i 80-åra.

For andre gong har Maria og Josef blitt avvist frå herberget. Og for andre gong har kapellan Glenn Hadland stått i full engleskrud midt i eit hav av papirenglar laga av lokale barn og forkynt til gjetarane at dei skal finne frelsaren sin sveipt i ei krubbe.

Til og med prosten, Sigurd Skollevoll, står på rollelista, utan at nokon ser ut til å ta på veg av den grunn.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

– Me mangla éin heilag konge, og han kan syngje og prate, så då er han innanfor, forklarar julespelsjef Merete Rustad nøkternt.

Skal, skal ikkje?

Ljosa er slått på att i kyrkjesalen og frivillige som har vore både på og bak «scenen» svirrar rundt for å snakke med frammøtte eller rydde til dagen etter då det er nye førestillingar på tapetet.

Ein oppglødd Per-Inge Søreng frå støttegruppa kjem bort til Vårt Land og viser fram ei melding frå Kjellrun.

Politistasjonssjef ved Finnsnes politistasjonsdistrikt, Arnold Nilsen, seier familien kan gå ut av kyrkja alt i dag, med politiet si signing, og med ein garanti om at ikkje noko vil skje dei.

Etter fleire omgangar landar familien på at dei tek sjansen.

Dei skal for fyrste gong på åtte år gå lenger vekk frå kyrkja enn nokre få meter.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Når valet er tatt, blir den litt trykka stemninga ei heilt anna. Nyhenda reiser kjapt og stadig fleire i kyrkja slepper det dei har i hendene og føyer seg til den vesle, glade gjengen som er i full gang med å finne fram dunjakker og vintersko.

Dilani formeleg dansar seg ut på den opne plassen utanfor kyrkja. Anjala ser litt meir usikker ut på glatta og får låne ein arm.

Tilfeldigvis er ordføraren i kyrkja for eit anna møte. Også han hiver seg med.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Vandrar i samla flokk

Etter eit døgn der slaps og regn har blanda seg med snøen, har det som på bestilling snudd og blitt kaldare.

Snøen dalar ned frå himmelen i store flak, og trea langs gangvegen på nedsida av kyrkja er lyst opp av ljosslynger.

Sjølv om klokka berre er litt over eitt på dagen er det skumring, og eit blått ljos gjer omgjevnadane omtrent så stemningsfulle som dei kan bli i desember.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Me er alt lenger vekke frå kyrkja enn familien har vore sidan 2014. Etter ein spontan, liten juletregang på torget ber vegen vidare inn i sentrum.

Det har vore eit ynskje lenge, å sjå alle endringane som har skjedd der sidan sist.

Kvar enn me går blir Dilani, Collin og Anjala stoppa. Folk vinkar frå bilar. Andre ser ut til å ikkje tru sine eigne augo.

Det er klemming, gratulasjonar, tårer.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Turen går inn på kjøpesenteret Amfi i sentrum.

Dilani stikk innom Burger King og får kjøpt seg favoritten sin: softis. Men med eitt blir det litt mykje.

Tårene trillar ned kinna. Inntrykka er mange etter fleire år bak dei same veggane. Dilani tek seg ein liten runde aleine før gode klemmar frå Trude og Odd ventar.

Gjengen ruslar vidare. Etter kvart dukkar fleire lokalmedium opp som har fått snusen i den unike byturen til kyrkjeasylantane. Mor Anjala får ei bluse av ein butikk ho kikkar innom, og stadig kjem det nye gratulasjonar og klemmar, no med filmkamera på slep.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Framtida ventar

Det er endå mange spørsmål om korleis framtida deira vil sjå ut. Dilani fortel at ho hadde fått plass på universitetet heime i Sri Lanka, men krigen gjorde det umogleg å studere.

I kyrkja har ho lært mykje om å styre lyd under konsertar og gudstenester, og håpar det kanskje finnast jobb for henne innan lydteknikk.

Heilt frå 2014 er det to damer som har spurt kvar tysdag og torsdag: «Me er på Finnsnes, kva treng de? Send ei handleliste». Tenk! Kven gjer noko slik?

—  Dilani Johnsen Collin

Foreldra gler seg til å gå på norskkurs. Collin vil gjerne halde fram med å jobbe i Kafé pluss, eit lågterskeltiltak med gratis matservering og -utdeling for dei som har bruk for det.

Noko av det Anjala gler seg mest til er å gå på den internasjonale matbutikken for så å laga måltid til vener og familie.

For sjølv om mange ting er usikre, veit dei ein ting: dei vil bli i Finnsnes.

– Folka her er veldig, veldig gode. Dei er som himmelen.

Collin blir blank i augo. Kallar dei familien sin.

– I to år vaska dei kleda våre før me fekk vaskemaskin, fortel han.

Dottera stemmer i:

– Heilt frå 2014 er det to damer som har spurt kvar tysdag og torsdag: «Me er på Finnsnes, kva treng de? Send ei handleliste».

– Tenk! Kven gjer noko slik?

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Ho ser ut som ho oppriktig ventar på svar.

– Derfor seier eg at me kjem til å bu her. Me er familien deira, så me kan ikkje reise frå Finnsnes.

Dilani tørkar ei tåre, før ho snur seg mot Odd Fredriksen:

– Ikkje sant, Odd? Du er min pappa!

– Pappa nummer to, utbryt han nøgd, og held opp to fingrar.

Ho ler godt.

– Ja, dette er mine folk.

– Ei viktig ordning

Kjenslene er gjensidige. Kyrkjelydssekretær Trude reknar dei både som familie og kollegaar. Alle tre hjelper til i kyrkja på ulike måtar. Dei har fleire gonger spurt seg om kva dei skal gjera når familien ikkje er der lenger.

– Også har me vore utruleg heldige. Tenk om me hadde fått inn nokon som «bære surkla».

Det vekkjer stor latter då ein forvirra journalist ber om ei omgrepsavklaring.

– Sur, lei og grinat, er svaret.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

Sjølv om det kan vera krevjande for kyrkjeasylantar å ikkje vita kva som skjer framover, meiner fleire i støttegruppa at det er bra at ein har høve til å søkje tilflukt i kyrkjer.

I budsjettavtala der eingongsløysinga sikrar Collin-familien opphald ligg det også inne at Justisdepartementet skal sjå på rammeverket rundt kyrkjeasyl.

Uansett kor godt rammeverk ein har rundt seg, så er det behov for ein stad ein kan rømme når alt anna går ein imot. Eg trur det er viktig at me har den ordninga i samfunnet vårt.

—  Odd Fredriksen

Odd Fredriksen meiner ein har sett mange døme på at det offentlege har gjort vedtak i asylsaker som seinare har vist seg å vera feil.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

– Uansett kor godt rammeverk ein har rundt seg, så er det behov for ein stad ein kan rømme når alt anna går ein imot. Eg trur det er viktig at me har den ordninga i samfunnet vårt.

Det er lange tradisjonar rundt om i verda for at folk i naud kan søkje tilflukt i kyrkjebygg.

Har krangla med Gud

Heile familien Collin har ei sterk gudstru.

– Men eg har vore sinna på Gud. Eg har krangla med han mange gonger, fortel Dilani.

– Kva er planen din? Kvifor ventar me så lenge, har eg spurt. Men no har våre bøner blitt høyrt.

Reportasje Finnsnes familien Johnsen Collin i kyrkjeasyl.

For to år sidan skreiv artisten Moddi ein song om Dilani:

I desember, då kan drømma bli til liv

Kanskje ventetida snart e over då

I desember ska eg endelig bli fri!

Sjeldan har vel ein songtekst passa betre.

I åtte år har familien stått utanfor det norske samfunnet og banka på. Livet har stått på vent. No er det endeleg eit ledig rom for dei.