Den norske kirke

Tek utfordringa frå dei unge i kyrkja om betre tilrettelegging

DEN NORSKE KYRKJA: Ungdommens kyrkjemøte etterlyser betre tilrettelegging for dei med nedsett funksjonsevne. – Ei viktig sak for heile kyrkja, svarar preses Olav Fykse Tveit.

Denne veka vedtok Ungdommens kyrkjemøte (UKM) ei rekkje oppfordringar til mellom anna Kyrkjerådet, Bispemøtet, fellesråd og utdanningsinstitusjonar om å ta grep som sikrar universell utforming for menneske med funksjonshemmingar. UKM er det øvste, demokratiske organet i ungdomsdemokratiet i Den norske kyrkja (DNK).

Me har spurt nokre av dei om dei vil ta utfordringa frå dei unge i kyrkja.

– Så klart tek eg imot utfordringa. Dette er ei viktig sak for heile kyrkja, svarar preses Olav Fykse Tveit, som er leiar av Bispemøtet.

Bispemøtet 2021

Vil undersøkje nærmare

Solveig-Marie Oma er UKM-delegat, blind og utdanna organist. Ho har vore sentral i arbeidet med saka om universell utforming på UKM, og er der som delegat for Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte (Kabb). Til Vårt Land fortalde ho at ho sjølv har hatt ubehagelege opplevingar knytt til at folk vil be om at ho skal bli lækt.

I vedtaket til UKM oppfordrar dei Bispemøtet til å «anerkjenne at teologi har blitt og fortsatt blir misbrukt i møte med funksjonshemmede og å ta tydelig avstand fra grenseoverskridende forbønn om helbredelse».

Oma trur ikkje det er i Den norske kyrkja problemet er størst, men meiner det er naivt å tru at det ikkje også skjer her.

Preses seier dei vil undersøkje dette nærmare.

– Eg vil takke Solveig-Marie Oma for å vera ein av dei som set søkjelys på korleis kyrkja kan vera meir inkluderande, seier Fykse Tveit.

Han og resten av biskopane har også blitt oppfordra til å til å fremje kjennskap om teologi knytt til funksjonshemmingar og å tematisere universell utforming under visitasar.

Neste veke skal alle biskopane i DNK samlast til Bispemøte. Då vil preses ta opp oppfordringane frå UKM og diskutere korleis ein vil jobbe vidare med saka. På planen for møtet er også ei sak til neste års Kyrkjemøte om arbeidet med universell utforming.

– Perspektivet er godt dekka

UKM oppfordrar også utdanningsinstitusjonar til å gje funksjonshemmingsteologi større plass i fagplanar for kyrkjelege utdanningar.

NY GIV: Rektor Bård Mæland gleder seg over at ledelsen VID vitenskapelige høgskole har fått klarsignal til å jobbe videre med planene om å bli et universitet.

Rektor ved VID vitenskapelige høgskole, Bård Mæland, meiner sjølv at skulen han leiar ligg langt framme på dette feltet, og fortel om eit sterkt fagmiljø både på universell utforming, inkludering og medborgerskap

– Perspektivet er godt dekt i teologistudia våre, noko litteraturlistene også reflekterer.

I tillegg har dei eit eige valemne som heiter «Funksjonshemming og kirken». Faget skal gje ei innføring i grunnleggjande teologiske refleksjonar kring funksjonshemming i tillegg til å ta opp praktisk-teologiske og diakonale problemstillingar knytt til inkludering av menneske med nedsett funksjonsevne i kyrkja.

Mæland fortel at funksjonshemming, deltaking og inkludering også er eit viktig tema i dei helsefaglege utdanningane deira. I tillegg tilbyr dei ein mastergrad i «Medborgarskap og samhandling» der dette er heilt sentrale tema.

– Det er gledeleg å sjå at fleire no tek problematikken på alvor og at det setjast på den kyrkjelege agendaen av ungdomsdemokratiet i Den norske kyrkja, meiner Mæland.

– Mange gjer ein viktig innsats

Kristin Gunleiksrud Raaum.

– Eg vil takke Ungdomens Kyrkjemøte for at dei nok ein gang set dagsorden og syner korleis kyrkja kan vere kyrkje.

Det seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum. Ho fortel at Kyrkjerådet no arbeider med ei sak om universell utforming, og at oppfordringane frå Ungdommens kyrkjemøte er viktige for dei i det arbeidet.

– Er DNK god nok på universell utforming?

– Eg trur heile kyrkja har eit oppriktig ynskje om å leggje til rette, og mange kyrkjelydar gjer ein viktig innsats. Samstundes veit eg at me ikkje er i mål, og at det er ein veg å gå før vi kan seie oss nøgde.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Den norske kirke