Religion

Biskop Nordhaug om homofilierkjenninga: – Ekteskapet er ei ordning for kvinne og mann

DEN NORSKE KYRKJA: Det blir stilt spørsmål ved om Bispemøtet si homofilifråsegn eigentleg orsakar for at det finst to ulike syn på ekteskapet i Den norske kyrkja. Det nektar biskop Halvor Nordhaug for.

– Mange homofile kjende at dei ikkje vart fullt ut anerkjende før ordninga med likekjønna ekteskap vart akseptert av Kyrkjemøtet i 2016. Den opplevinga respekterer og forstår eg. Samstundes meiner eg framleis at ekteskapet er ei ordning for kvinne og mann, og at det ikkje er diskriminerande å handsame ulike forhold på ulikt vis. Kyrkja kan etter mitt syn ikkje endre ekteskapssyn berre fordi staten har endra sitt, seier biskop i Den norske kyrkja (DNK) Halvor Nordhaug.

Han meiner homofile skal kunne ha faste rammer rundt samlivet sitt, men skulle ynskje at partnarskapsloven var vidareført og ikkje avskaffa.

– Det er eit dilemma for oss som har det tradisjonelle ekteskapssynet at samfunnet ikkje stiller opp med eit anna alternativ enn ekteskap for dei homofile og lesbiske. Derfor er det lett å skjøna at også nokre som teologisk sett ikkje vil jamstilla likekjønna og ulikekjønna ekteskap, likevel stør ekteskap mellom homofile og lesbiske. Dette tilhøvet gjer også at eg talar med små bokstavar i denne saka, seier Nordhaug.

50 år etter

Bispemøtet, altså alle biskopane i Den norske kyrkja, kom på sundag med ei skriftleg erkjenning om at sine haldningar og omtale av homofili og homofile opp gjennom historia har påført mange menneske stor skade og smerte.

Fråsegna kom i forbindelse med 50-årsjubileet for opphevinga av paragrafen som kriminaliserte sex mellom menn. I etterkant har debatten gått om kva biskopane eigentleg orsaka for.

– Denne fråsegna prøvar å gapa over for mykje. Eg blir ikkje heilt klok på kva dei prøvar å seie, seier Vidar Mæland Bakke.

Han er prest i ByMenigheten i Sandnes, som er ein kyrkjelyd i Den norske kyrkja.

Bakke meiner DNK har god grunn til å be om orsaking for mykje ein har utsett homofile for, og meiner 50-årsdagen for opphevinga av paragrafen var eit godt høve til dette.

Vidar Mæland Bakke, prest

– Me må snakke om det som er gjort, og kyrkja har vore med på å krenkje og ikkje forstå situasjonen for homofile. Men det er ein forskjell på å orsake det og orsake for at nokon av oss har eit tradisjonelt syn på ekteskapet. Det er ikkje sikkert det er det dei prøver å seie, men eg er ikkje heilt trygg på om dei unnskylder for mi overtyding, seier han om biskopane.

– Skulle ynskje den romma alle

Bakke vil sjølv ikkje vie likekjønna par, og står for eit konservativt samlivssyn der ekteskapet er Gud si ordning for samlivet mellom ein mann og ei kvinne.

Det er særskilt eitt avsnitt i fråsegna til Bispemøtet han reagerer på:

«Bispemøtets uttalelse i 1995 understreket homofiles menneskeverd, men konkluderte likevel i tråd med vedtaket fra 1977 med at ‘det ikkje er noe i Bibelen som gir grunnlag for en positiv anerkjennelse av homofile forhold på linje med ekteskapet mellom mann og kvinne.’ Dette vedtaket førte til at homofile og lesbiske fortsatt opplevde at kirken fordømte både deres liv og kjærlighet. For homofile og lesbiske i kirken var det en stor belastning at deres liv ble redusert til en ‘teologisk sak’.»

– Det er fleire av oss som jobbar i DNK som framleis står for nokolunde det som stod i utsegna frå 1995. Er det ikkje lenger greitt å seie at ein meiner Bibelen held fram ekteskapet mellom mann og kvinne?

Bakke er open om at han kan ha feiltolka avsnittet, men meiner det kanskje er der noko av problemet ligg. Han meiner fråsegna kommuniserer dårleg, og ber preg av hastverksarbeid.

– Eg skulle ynskje at når biskopane fyrst kom med ei felles utsegn at den romma oss alle, og ikkje sådde tvil om at det framleis er greitt å ha den tradisjonelle ekteskapsforståinga nokon av oss framleis har.

Presten skulle også ynskje at biskopane tok med noko om at det er mogleg å ha eit tradisjonelt ekteskapssyn utan at det inneber ei nedgradering av menneskeverdet til homofile.

– Også undrar det meg litt at også dei biskopane som ein har rekna for å ha eit tradisjonelt ekteskapssyn har ville skrive under på fråsegna.

Orsakar ikkje

Biskop Nordhaug seier han forstår at avsnittet som Bakke reagerer på, isolert sett kan tolkast slik at ein beklagar at biskopane ikkje gjekk inn for full aksept av likekjønna ekteskap i 1977, men seier at det ikkje er intensjonen. Dessutan sto likekjønna ekteskap ikkje på dagsorden i 1977, seier Nordhaug.

– Når tolv stykk som ikkje tenkjer heilt likt sit rundt eit bord, og også har mange andre saker på agendaen, så kan det koma formuleringar som kan misforståast.

– Me orsakar ikkje at kyrkja har to syn på ekteskapet. Kyrkjemøtet vedtok i 2016 at det skulle vera legitimt både å ha eit tradisjonelt syn på ekteskapet og eit syn der ein anerkjenner likekjønna ekteskap. Bispemøtet ynskjer ikkje å endre det, seier Nordhaug.

Han seier han har lese det aktuelle avsnittet som Bakke reagerer på som ei skildring av ei oppleving.

– Me viser vi til at kyrkja sine vedtak før 2016 reint faktisk har blitt opplevd som fordømmande av svært mange homofile og lesbiske. Det er ei oppleving me må ta inn over oss, og ta på alvor, seier Bjørgvin-biskopen.

– Så det er ei politikarorsaking, der ein beklagar for at nokon har opplevde det vanskeleg?

Ein beklagar det ikkje. Ein fastslår berre at det blei opplevd slik, seier biskopen.

HØYR DEN NYE PODKASTEN TIL VÅRT LAND:


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion