Den norske kirke

Kyrkjas IKT-leverandør legg seg flat – men tek ikkje heile ansvaret

TILRETTELEGGING: Den norske kyrkja sin eigen IKT-leverandør fortel om manglande forståing for at det krev ekstra ressursar å leggje til rette for arbeidstakarar som den blinde presten Kjersti Langås Hvalen.

– Også me i Kirkepartner har ein veg å gå, og for det legg eg meg flat. Men me kan ikkje ta på oss heile ansvaret, seier Inge Mauseth, dagleg leiar for Kirkepartner.

Selskapet er Den norske kyrkja sin eigen leverandør av IKT-tenester.

Mauseth svarer på kritikken som kom frå Kjersti Langås Hvalen måndag. Ho møter digitale hinder for å gjera jobben sin som prest fordi ho er blind.

Ho har saman med kantor Annette Nordmo delt erfaringar og utfordringar dei har som tilsette i Den norske kyrkja (DNK) i Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte (KABB) sin podkast, Digitale barrierar.

Dei fortel om system og dokument dei ikkje har tilgang til, om manglande tilrettelegging og treige prosessar for å få teknisk hjelp.

– Lett å halde festtaler

Inge Mauseth har stor sympati for dei brukarane som står fram i podkasten til KABB, men han opplever å møte manglande forståing for at det krev ekstra ressursar å leggje til rette for arbeidstakarar med spesielle behov.

Inge Mauseth
Daglig leder
Kirkepartner AS

– Det er lett å halde festtaler om inkludering, men den dagen rekninga kjem blir det vanskelegare. Og det er klart, du blir kanskje tvungen til å velje mellom nytt kyrkjetak eller meir PC-utstyr. Eg forstår at det er vanskeleg.

Mauseth fortel at om lag halvparten av alle tilsette i DNK får tenester levert frå dei, og at dei er eigd av Kyrkjerådet og om lag halvparten av dei 348 kyrkjelege fellesråda.

Dei fleste fellesråda som ikkje brukar dei har kommunen som IKT-leverandør.

Har ikkje ambisjon om å vera førebilete

Kyrkjerådet har kjent til problemstillinga Hvalen og Nordmo lyfter fram ei god stund, erkjenner Jan Rune Fagermoen, direktør for avdeling for digitalisering, HR og utvikling i Kyrkjerådet.

Han synest ikkje det er vanskeleg å forstå kjensla av frustrasjon og å vera til bry.

– Me ser at problemet er der og me jobbar hardt for å løyse det. Samstundes er det eit utruleg komplisert felt der det er vanskeleg for oss å ha ein ambisjon om å vera eit førebilete på feltet, seier Fagermoen.

Det er lett å halde festtaler om inkludering, men den dagen rekninga kjem blir det vanskelegare.

—  Inge Mauseth, dagleg leiar i Kirkepartner.

Frå resurs til problem

Generalsekretæren i KABB, Øyvind Woie, meiner at kyrkja har eit særskilt ansvar:

– Me tenkjer at kyrkja burde vera ekstra på vakt for menneske med spesielle behov som har utfordringar med å delta eller gjera ein jobb i kyrkja. Det er i kyrkja sin natur å inkludere.

Øyvind Woie, generalsekretær i Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte (KABB)

Woie seier manglande tilrettelegging for kyrkjelege tilsette med synshemmingar er noko dei veit gjeld fleire.

– Ein står rett og slett i fare for å utestenge ein del menneske. Dette er kvalifiserte menneske og store ressursar. Men når ein ikkje får tilgang til dei same systema og informasjonen som sine kollegaar, er det klart ein blir oppgitt. Ein går frå å vera ein likeverdig resurs til å bli eit problem. Det er ikkje ein likeverdig arbeidssituasjon.

HØYR ANDRE EPISODE AV DEN NYE PODKASTEN TIL VÅRT LAND:

– Ressursane som er utfordringa

Avdelingsdirektør Fagermoen seier dei tekniske problema er svært samansette. Dessutan gjer den kompliserte organiseringa av DNK at ansvaret er fordelt på mange partar.

.

Fellesrådet har til dømes ansvar for mange av dei digitale verktøya. På toppen kjem kven som er systemeigar av dei ulike systema, seier han.

Mauseth meiner det ville vore enklare viss Kirkepartner hadde ansvaret for alle DNK-tilsette sin PC.

– Då hadde problema vore mykje mindre og det ville det vore enklare for oss å sy saman gode løysingar.

Han skulle også ynskje at ein kunne setje seg ned med representantar frå brukargruppa, arbeidsgjevar; altså både kyrkjeråd og fellesråd, Kirkepartner og NAV Hjelpemiddelsentral og bli einige om kva som skal leverast og kvar ein skal finne midlane til det.

I podkasten blei Kirkepartner skulda for å ikkje ha nok kompetanse på tilrettelegging for blinde. Det vil ikkje Mauseth gå med på.

– Det er ressursane som er utfordringa, meiner Mauseth.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke