Organist Rune Hauan har tidlegare fått vite at grunnen til at han ikkje fekk speleoppdrag i Hægebostad og Eiken menigheter er at han er homofil og har sambuar. No trengs ein ny organist, og Hauan seier han vurderer å søke jobben.
Men kan dei nekte han jobben på bakgrunn av samlivsform? Det kjem an på om stillinga blir vurdert til å ha ein «religiøs funksjon».
Likestillings- og diskrimineringsombodet har sagt til Fædrelandsvennen at ingen liknande saker har vore oppe for norske domstolar eller Diskrimineringsnemnda, og at det derfor er vanskeleg å gje eit svar på om praksisen er lovleg.
– Eg trur nok det kunne vore nyttig for kyrkja å få det avklart, seier biskop i Agder og Telemark bispedøme, Stein Reinertsen.
Han er interessert i å få greie på korleis den teologiske grunngjevinga må vera.
– Uforståeleg
Også bispedømerådsmedlem og leiar for Åpen folkekirke i bispedømet, Odd-Inge Uleberg, er interessert i ei juridisk avklaring:
– Det kunne vore fint viss det blei ei sak av det.
Sjølv meiner han det ville vore «rart» viss ein enda på at ei slik forskjellsbehandling er lovleg i eit kyrkjesamfunn der ein har sagt at ein har to syn på likekjønna samliv.
– At det er lov i Filadelfia, Misjonssambandet eller Frikyrkja der ein har eit samla, konservativt syn er ein ting, men det ville vore uforståeleg at det skal vera greitt i Den norske kyrkja, meiner Uleberg.
[ Mykje omtalt organiststilling i Agder blir ikkje lyst ut ]
Ber alle sokneråd om å melde inn tiltak
På onsdag var det møte i Agder og Telemark bispedømeråd. Der diskuterte dei mellom anna oppfølginga av arbeidsmiljøundersøkinga utført av Fafo som blei offentleggjort hausten 2020. Her kom det fram at éin av fem tilsette med LHBT-identitet i Den norske kyrkja har opplevd diskriminering.
Med åtte mot to stemmer vedtok bispedømerådet ei utsegn, der det mellom anna står at sjølv om ein har ulike teologiske syn så skal ingen «diskriminerast ut frå kjønn, hudfarge, etnisk tilhøyrsel eller anna. Me føreset at alle delar av Agder og Telemark bispedøme sørgjer for dette».
Dei ber også alle sokneråd og fellesråd om å informere om kva tiltak som skal setjast inn for å forhindre diskriminering.
Uleberg seier vedtaket er generelt, men at det likevel går rett inn i saka om Hauan.
– Biskopen seier at det er nulltoleranse for diskriminering, og det takkar eg han for. Så må me passe oss for å bli som presten og levitten i likninga om den miskunnsame samaritan, som går forbi dei som lir.
[ Fikk ikke spillejobb i menighet fordi han hadde mannlig samboer. Nå vurderer han å søke jobb der ]
Ikkje oppsiktsvekkjande
Han synest heile saka er trist, og er oppteken av at ein skal kunne leve med at det er ulike syn i kyrkjesamfunnet.
– Men Den norske kyrkja har to syn på samliv. Er det då oppsiktsvekkjande at ein i eit konservativt område ikkje ynskjer ein organist med sambuar av same kjønn?
– Nei, men det er veldig trist at det ikkje er det. Det å ikkje ville tilsetje nokon som ikkje deler di meining er å ikkje akseptere at me har to syn i kyrkja vår, meiner Uleberg.
– Det fine med vedtaket me har er at me har sagt at synet på likekjønna samliv ikkje er kyrkjesplittande. Me skal kunne sitje side om side i kyrkjebenkane, uavhengig av standpunkt i saka. Me kan ha ulike syn på teologi, men stå saman om det viktigaste.
Biskop Reinertsen seier han berre kjenner saka om Rune Hauan frå utsida, og at den aldri har vore på hans bord, mellom anna fordi den går tilbake til 2008, før Reinertsen byrja som biskop.
Han ynskjer heller ikkje å uttale seg prinsipielt om temaet i denne omgang, då det kan lesast i samanheng med saka frå Hægebostad kommune.
[ Ber biskopen klargjøre: Har hun gitt prest rett til å reservere seg mot kvinnelige kollegaer? ]
Geografiske forskjellar?
Til Vårt Land sa Hauan at han meiner situasjonen er verre for LHBT-personar i kyrkja på Sørlandet enn til dømes på Austlandet.
– Er dette eit større problem i ditt bispedøme enn andre stadar, Reinertsen?
– Eitt menneske som blir diskriminert er eitt menneske for mykje, og me har utan tvil mykje å jobbe med på dette området i bispedømet. Men det er ikkje sikkert at situasjonen er vanskelegast her på Sørlandet.
– I arbeidslivsundersøkinga som Fafo gjorde er det ikkje noko som peikar på at det er meir diskriminering her enn ellers i landet, seier biskopen.
[ Lia Gård mistet 4.000 gjestedøgn: – Støtten fra givere har vært fantastisk ]