Den norske kirke

Utval vil fjerne ordet trusopplæring: – Eit pussig val, meiner forskar

DEN NORSKE KYRKJA: I ein fersk rapport foreslår eit utval å døype om trusopplæringa til Den norske kyrkja. Forskar meiner det er fleire problem med forslaget.

– Eg synest det er eit pussig val når ein har brukt 20 år på å etablere trusopplæring som omgrep. Når det blei innført var det som ein del av nylanseringa av det som då heitte dåpsopplæring, seier Elisabeth Tveito Johnsen.

Ho er fyrsteamanuensis ved Det teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo (TF), og har skrive doktorgrad om trusopplæring.

Forslaget til å endre namnet på trusopplæring til «kyrkjeleg undervisning og læring» kjem i ein heilt fersk rapport som er laga av eit utval på mandat frå Kyrkjerådet.

Her har dei sett på den 20 år lange satsinga på undervisning om tru for barn og unge i Den norske kyrkja (DNK), og kjem med anbefalingar for vegen vidare.

Dekkjer ikkje andre trusretningar

Det fyrste Johnsen la merke til under presentasjonen av rapporten var at forslaget til namneendring. Det likar ho dårleg.

Ho meiner ein har lukkast med å gjera omgrepet trusopplæring kjent i løpet av desse åra, også utanfor DNK.

– I forsking blir omgrepet trusopplæring også bruka om tilbod for heile trus- og livssynsfeltet, som i muslimske samanhengar eller for andre religionar.

Utvalet foreslår å gå over til å bruke nemninga «kyrkjeleg undervisning og læring», mellom anna fordi dei meiner det kommuniserer betre, både internt og eksternt.

– Trusopplæring har kommunisert godt ut. Det nye omgrepet vil ikkje kunne brukast av andre enn kristne kyrkjer.

Det ser ikkje ut til å uroe utvalet, som i sin rapport har skrive at no når det ikkje lenger er opp til staten avgjera ordbruken til DNK så «skulle det heller ikkje vera naudsynt å ta omsyn til dei andre trussamfunna».

– Viktig med diskusjon

Gunhild Tomter Alstad har leia utvalet som har gått trusopplæringa i Den norske kyrkje nærmare etter i saumane.

Bilder KM 2021- fredag - Gunhild Tomter Alstad

Ho er sjølv utdanningsforskar, og jobbar ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk på Høgskolen i Innlandet. Utvalsleiaren ynskjer diskusjon rundt både namneval og andre aspekt i rapporten velkomen.

– Gode, faglege diskusjonar rundt kva me jobbar med er kjempeviktig.

Ho seier arbeidet i utvalet har vore spanande, inspirerande og utfordrande.

– Det har vore stor interesse rundt utvalsarbeidet, og i spørjeundersøkingane me har gjennomført har me nesten 1000 respondentar, fortel Alstad.

Mange forslag

Der kom det fleire tilbakemeldingar på at ein ynskjer eit anna omgrep enn trusopplæring. Utvalet har vurdert ei rekkje ulike alternativ til namn: å behalde det eksisterande «trusopplæring», «dåpsopplæring», «katekese», «kyrkjeleg/kyrkjas undervisning», «læring og danning» og «kyrkjeleg/kyrkjas undervisning og læring».

Valet fall altså på sistnemnde. Det er det fleire grunnar til, fortel Alstad.

– Katekese er kanskje det mest presise omgrepet kyrkjeleg sett, men det kommuniserer kanskje ikkje så godt ut. Å berre kalle det kyrkjeleg undervisning vil ikkje vera så dekkjande for til dømes babysong for eittåringar.

– Men kvifor ikkje behalde trusopplæring?

– Det gjev ein klang frå ein meir belærande tradisjon. Dessutan fokuserer det på avsendar, medan me ynskjer tydlegare fokus på den som skal lære.

Den diskusjonen er viktigare enn namnediskusjonen, meiner Alstad, men legg likevel vekt på at ein må vera fagleg tydelege og ha fokus og diskusjon rundt terminologi.

Utvalsleiaren legg også vekt på at rapporten berre er anbefalingar. Vidare er planen at den skal handsamast i Kyrkjerådet, før den skal ut på høyring. Så er målet saka skal opp på Kyrkjemøtet i 2023.

Assosiasjonar til skule

For Elisabeth Tveito Johnsen er det også andre aspekt som gjer ho kritisk til det nye forslaget til omgrep:

– Eg meiner det også er eit smalare namn fordi læringsomgrepet fort vil bli forstått i ljos av det fyrste omgrepet: undervisning, seier Johnsen.

Det trur forskaren vil få folk til å assosiere omgrepet meir med skulen sitt oppdrag, og hindre folk i å sjå på læring som eit meir ope og breitt omgrep.

Bilete tekne av KA. Tekst frå dei:  Modellklarert. vi eier alle rettigheter (spleis med kirkerådet). ås og kroer menigheter oktober 2021. samtykkeerklæringer på crm 104202. husk fotobyline! foto: torstein kiserud/ka

– Ein viktig del av trusopplæringa i dag er å delta i gudstenester og ritual. Omgrepet opnar for meir enn rein undervisning. Trusopplæring har «tru» og «opplæring». Det gjer ein sterk peikepinn på kva som er annleis enn skulen si undervisning om tru, meiner Johnsen.

Det argumentet har ikkje Alsted noko problem med å sjå.

– Men me ynskjer å leggje eit vidt læringsomgrep til grunn. Det som er viktig er kva me legg i ordet og kva grunnlagstenking me har. Me har ynskt å finne eit namn som ikkje er avsendarorientert, og som best mogleg dekkjer den aktiviteten det skal omtale.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke