Den norske kirke

Har evaluert 20 år med trusopplæring

DEN NORSKE KYRKJA: Sidan år 2000 har Den norske kyrkja hatt stort fokus på opplæring av barn og unge. No har eit utval evaluert satsinga, og kjem med anbefalingar for vegen vidare.

I over 20 år har Den norske kyrkja (DNK) hatt ei stor satsing på trusopplæring, altså undervisning om tru for barn og unge i regi av kyrkja. I 2020 fekk eit utval i oppdrag å evaluere situasjonen for trusopplæringa og gje anbefalingar for vegen vidare.

På tysdag blei utvalet sin rapport; Helhet, integrering og samanheng i kirkelig undervisning og læring, lagt fram på eit frukostmøte.

Her kjem det fram at utvalet meiner satsinga har vore vellukka, og legg særskilt vekt på at ein systematisk har opparbeida kompetanse gjennom ei årrekkje. Men dei kjem også med ei rekke anbefalingar til arbeidet vidare.

Større lokal fridom

Utvalet etterlyser mellom anna meir heilskapleg tenking rundt det pedagogiske arbeidet i DNK, og at det som i dag heiter trusopplæring bør bli ein integrert del av kyrkja sitt undervisningsoppdrag. Dette feltet foreslår dei å kalle «kyrkjeleg undervisning og læring».

Av andre anbefalingar utvalet kjem med er å gje større handlingsrom lokalt, styrke fokuset på mangfald og likeverd og ha meir fokus på foreldre og fadrar si rolle i å lære barna om kristen tru. Ein meiner også at ein bør satse meir på skulefritidstilbod i regi av DNK, og på digitale tilbod.

Utvalet har bruka spørjeundersøkingar, innspel frå enkeltpersonar og ulike aktørar på feltet, forsking og drøftingar i utvalet som bakgrunn for sine tilrådingar.

Møte framtida

Sjølv om «undervisning og læringsaktivitetar historisk og teologisk ein av kyrkjas viktigaste oppdrag», som det står i rapporten, har utvalet altså hatt i oppdrag å sjå spesielt på tida etter at den statlege rapporten som la grunnlaget for trusopplæringsreforma, NOU 2000: 26, kom.

Gjennom desse 20 åra har det skjedd endringar som har gjort at DNK no ynskjer å sjå nærmare på korleis ho skal møte utfordringane for i dag og framtida på ein god måte. Rapporten er innom mellom anna eit meir digitalt samfunn, endringar i familie- og samliv, auka innvandring og miljøkrise.

Det var på eit Kyrkjerådsmøte i mars 2020 som vedtok å opprette utvalet som no har levert sin rapport. For å sjå kven som er med i utvalet, sjå faktaboks.

Sjølv skildrar DNK arbeidet med trusopplæringa dei siste 20 åra som ei «unik, offensiv og ambisiøs (...) satsing på trusopplæring for aldersgruppa 0—18 år.»

Det store fokuset grunngjev dei mellom anna med misjonsbefalinga i Matteus kapittel 28: «Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk».

---

Desse har sete i trusopplæringsutvalet

  • Gunhild Tomter Alstad (leiar), Hamar, fyrsteamanuensis i norsk, prodekan utdanning ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk, Høgskolen i Innlandet
  • Eva Birkeland, Haugesund, kyrkjeverje Tysvær kirkelige fellesråd
  • Helene Vian Bjerkestrand, Drammen, adjunkt Nedre Eiker
  • Torkel Irgens, Bodø, sokneprest Rønvik, Bodø
  • Harald Hegstad, Oslo, professor, MF
  • Inger Helen Nygård, Trondheim, avdelingsleiar Trondheim kyrkjelege fellesråd
  • Jorunn Raddum, Arendal, prost Arendal prosti
  • Harald Skarsaune, Trondheim, generalsekretær KUFO
  • Stig Sunde, Stavanger, dagleg leiar NMSU

Kjelde: Den norske kyrkja

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke