Den norske kirke

Human-Etisk Forbund blir invitert til å seie si meining, men ikkje Den norske kyrkja: – Uforståeleg

OPPLÆRINGSLOV: Kyrkjerådsdirektøren meiner det er uforståeleg at Human-Etisk Forbund, som einaste trus- og livssynssamfunn, er invitert som høyringsinstans til ny opplæringslov. – Det offentlege må skjerpe seg, meiner direktøren.

– HEF er høyringsinstans, men ikkje DNK, forstå det den som kan. Det er heilt uforståeleg. Korleis kan ein koma på tanken?, spør kyrkjerådsdirektør i Den norske kyrkja (DNK), Ingrid Vad Nilsen.

Førre veke sende regjeringa forslag til ny opplæringslov på høyring. I tre nye paragrafar blir forbodet mot forkynning i skuleundervisning presisert, og retten til fritak frå aktivitetar på grunn av livssyn utvida.

Av over 130 høyringsinstansar som er inviterte til å koma med innspel, er Human-Etisk Forbund (HEF) det einaste trus- eller livssynssamfunnet som er representert.

– Viss du berre skal invitere eitt trus- og livssynssamfunn, er det spesielt å velje eit av dei små, for å seie det forsiktig. Fleire burde blitt invitert, meiner Vad Nilsen.

Vil kome med innspel

Det er vanleg å invitere høyringsinstansar som ein reknar med er interesserte i det aktuelle temaet til å koma med høyringssvar. Men både privatpersonar og organisasjonar kan sende inn høyringssvar på eige initiativ.

Kyrkjerådsdirektøren seier DNK absolutt kjem til å koma med innspel til lova, sjølv om dei ikkje blei spesielt oppmoda til det.

Norges Kristne Råd (NKR) reagerer også på at dei ikkje er inkludert på høyringslista.

– Vi representerer bredda av kristne kyrkjer og trussamfunn, og vil sjølvsagt også levera vårt høyringssvar, skriv Gjermund Øystese i NKR i ein SMS.

– Må skjerpe seg

Kyrkjerådsdirektør Vad Nilsen vil ikkje gå med på at HEF er meir effektive i sitt påverknadsarbeid inn mot styresmaktene enn DNK, men meiner humanetikarane har vore flinke til å «heve stemma».

– Dei får stor merksemd, men etter at DNK blei skilt frå staten, er me ein del av sivilsamfunnet slik som HEF. Då må me også invitert til å gje høyringssvar, seier kyrkjerådsdirektøren.

Ho meiner det er kritikkverdige at andre trus- og livssynssamfunn ikkje får koma til orde.

– Det er heilt fint at HEF er ein høyringsinstans, men det offentlege må skjerpe seg.

Einige, for ein gongs skuld

Lars-Petter Helgestad

Politisk og internasjonal sjef i HEF, Lars-Petter Helgestad, seier han og Vad Nilsen er einige «for ein gongs skuld».

– DNK burde stå på lista, og det same gjeld Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Slik hadde ein fått fram fleire stemmer, også dei små, meiner Helgestad, som synest det er litt rart at det berre er HEF som er invitert til å koma med høyringssvar av trus- og livssynssamfunna.

Han seier at det etter deira erfaring verkar litt tilfeldig kven som hamnar på listene over høyringsinstansar, og minner om at det er ope for alle å gje innspel, uansett om ein står oppført på lista eller ikkje.

– Einaste forskjellen er om ein får tilsendt sakspapira direkte, eller må ta initiativet sjølv.

Overraska over forkynningsforbodet

Han seier at også HEF tidlegare har opplevd å ikkje bli inviterte, men at dei har blitt flinkare til å koma med høyringssvar, også når dei ikkje har blitt oppmoda om det.

Helgestad er usikker på kvifor akkurat dei hamna på lista denne gongen, og seier dei blei overraska over at lovforslaget kom no, midt i valkampen.

– Me er også overraska over kor tydeleg lovforslaget er om forkynningsforbod.

– Kvifor det?

– Me er ikkje så vane med at eit departement argumenterer på ein måte som HEF er einige med, seier Helgestad.

Beklagar

Kunnskapsdepartementet bekreftar at det kun er HEF, og ikkje andre aktørar på trus- og livssynsfeltet, som står på høyringslista.

– Me forstår at det kan opplevast som ein ubalansert høyringsliste. Kunnskapsdepartementet beklagar dette, skriv departementet i ein e-post til Vårt Land.

Dei understrek at alle høyringar er ope for alle.

– Me kan gjerne ettersende høyringa til dei som ønskjer, men det enklaste og raskaste er å finne den på regjeringen.no.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke