Den norske kirke

Solveig Fiske går av som biskop i 2022: – Skal jobbe målbevisst til siste dag

GENERASJONSSKIFTE: Hamar, Bjørgvin og Borg får nye biskopar i løpet av to år. Neste år gir profilerte Solveig Fiske stafettpinnen vidare, og forventar å sjå avtrykk frå det nye bispekollegiet.

– Eg er ikkje særleg opptatt av å skulle slutte endå, seier Hamar-biskop Solveig Fiske.

Som biskop er du enten eller av, held ho fram. Fiske er blant dei tre biskopane som fyller 70 innan få år, og må tre ut av tenesta.

– Og eg skal vere på, og jobbe målbevisst, heilt til siste dag.

Fiske støtta forslaget om å utvide aldersgrensa for biskopar frå 70 til 72 år – men prinsipielt, ikkje først og fremst for eigen del.

Bispemøtet i Den norske kirke

– Det er eit viktig spørsmål generelt, i eit samfunn i endring, som har bruk for hender og føter til arbeid. Ikkje minst i kyrkja, kor mange pensjonistar sørger for prestedekning med kvalitet, seier Fiske.

Regelen er avgjort, og Hamar-biskopen har ingen planar om å stille spørsmål ved han vidare.

– Men eg kan jo seie uansett: Eg hadde ingen planar om å stå etter fylte 70.

Ny rolle, fortsett påverknad

Mange kjenner kanskje Fiske som ein biskop med sterkt engasjement for folkekyrkja.

– Så lenge eg står i teneste, vil eg støtte opp om kyrkjelydsarbeidet i Hamar, og legge til rette for visjonen vår «heilage rom for alminnelege liv».

– Kva tankar gjer du deg om det komande generasjonsskiftet?

– Eg trur at endringa vil innebere ei blanding av fornying og kontinuitet. Eg har forventningar til at dei nye biskopane vil prege både kollegafellesskapet i Bispemøtet og prege Den norske kyrkja.

Kyrkja står overfor ei ny organisering som kan kome til å ta bort biskopens ansvar som arbeidsgivar. På spørsmål om korleis det vil påverke biskoprolla, parerer Fiske:

Bispemøtet i Den norske kirke

– Punkt ein: Eg har ikkje tenkt å gi eit høyringssvar om framtidig kyrkjeleg organisering i eit intervju i Vårt Land, seier ho, litt spøkefullt.

– Men: Når biskopen skal utøve tilsyn, er det viktig å ha reiskapar som gjer at ein kan leie både visjonært og konkret med handa på rattet.

Uansett korleis rolla blir endra, forventar Fiske at biskopen får ein funksjon som kan bidra til å utgjere ein forskjell for kyrkja.

– Saman trur eg ein vil legge til rette for ein måte å vere biskop på, og utføre tilsyn på, slik at det vil vere … eg veit ikkje om «attraktivt» er ordet … men at menneske skal seie ja til kallet om å gå inn i den tenesta.

Inspirerande lokalt engasjement

Også dei komande åra vil utfordringar ligge framfor det nye bispekollegiet. Det blir sentralt å ivareta relasjonen mellom kyrkja og enkeltmennesket, seier Fiske.

– Det er viktig å arbeide i breitt, og samtidig djupt, med eksistensielle spørsmål.

– Gudstenestebesøket er synkande, og det må me gjere noko med. Men medlemsmassen i Den norske kyrkja er relativt stabil. Tilhøyret til kyrkja er sterk, og ut av den veks tru, aktivitet og ansvar. Banda mellom folk flest og kyrkja blir skapt gjennom lokale relasjonar og det rituelle fellesskapet, seier biskopen.

– Kva deler av tenesta er dei beste?

– Det eine er å få vere med på å påverke kyrkjas utvikling.

– Det andre er å møte engasjerte folk i lokalkyrkjene, og bidra til å legge til rette for korleis heilage rom blir laga for alminnelege liv. Kjærleiken folk har til kyrkja si, og erfare det gode samarbeidet mellom tilsette og frivillige og folkevalde, er veldig inspirerande.

– Kva slags bispekollegium håpar du å sjå om eit par år?

– Eit bispemøte som arbeider godt i lag, og som profilerer Den norske kyrkja som folkekyrkje – med hjarte for folk, kyrkja, samfunnet og verda.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Den norske kirke