Religion

Desse skal sitje i Kyrkjerådet dei neste fire åra

Kyrkjemøtet valde sju frå Åpen folkekirke og tre frå Nominasjonslista til å følge opp vedtaka i praksis. Sjå lista over dei nye medlemmane nedi artikkelen.

Fredag fekk Kristin Gunleiksrud Raaum fornya tillit som leiar for Kyrkjerådet – Kyrkjemøtets «arbeidsutval».

Laurdag fall Kyrkjerådet på plass, etter fleire rundar med avstemming på Kyrkjemøtet i Trondheim. 17 medlemmer skal sitje for fire år: Elleve leke medlemmar, éin kyrkjeleg tilsett, éin biskop og fire prestar.

Samansetninga i Kyrkjerådet blir slik dei neste fire åra:

Medlemmar (leke):

• Tove Karoline Knutsen (Nord-Hålogaland, Åpen folkekirke): 72 stemmer

• Kurt Solstrøm (Sør-Hålogaland, samisk representant): 67 stemmer

• Karl Johan Kirkebø (Bjørgvin, Åpen folkekirke): 66 stemmer

• Karin-Elin Berg (Borg, Åpen folkekirke): 63 stemmer

• Therese Utgård (Møre, Åpen folkekirke): 62 stemmer

• Therese Egebakken (Stavanger, Nominasjonslista): 104 stemmer

• Iselin Vistekleiven (Hamar, Nominasjonslista): 104 stemmer

• Turid Torland Håland (Agder og Telemark, Nominasjonslista): 65 stemmer

• Lill-Tone Grahl Jacobsen (Tunsberg, Åpen folkekirke): 61 stemmer

• Alex Ramstad Døsvik (Nidaros, Åpen folkekirke): 59 stemmer

• Kristin Gunleiksrud Raaum (Oslo, Åpen folkekirke): 71 stemmer

Prestar (geistlege):

• Kjersti Gautestad Norheim (Bjørgvin): 92 stemmer

• Linn Strømme Hummelvoll (Tunsberg): 68 stemmer

• Rolf Steffensen (Sør-Hålogaland): 82 stemmer

• Thomas Tinglum (Hamar): 53 stemmer

Biskop (geistleg):

• Preses Olav Fykse Tveit

Kyrkjeleg tilsett (lek):

• Martha Garborg Bergslid (Nidaros): 52 stemmer

Trondheim 28.03.2019
Kirkemøte i Trondheim 2019. Her fra torsdagen. Therese K. B. Utgård.
FOTO: JOAKIM S. ENGER

Therese Utgård frå Møre bispedømme har fått plass i Kyrkjerådet. Foto: Joachim S. Enger

LES ÒG: «Kanskje Den norske kirke trenger å drive religionsdialog innenfor sine egne rekker», skriv Elise Kruse

Nytt medlem vil jobbe for dei unge

Med 104 stemmer blei Therese Egebakken frå Stavanger valt inn i Kyrkjerådet.

– Dette er veldig stort. Det er eit tungt verv, som eg tar veldig alvorleg, men som eg gler meg veldig til, seier ho.

– Eg vil utføre oppgåva med stort audmjuke, for eg har mykje å lære. Men eg trur òg at eg har mykje å tilføre.

Hjartesaka hennar er dei unge vaksne i kyrkja. Egebakken vil ta det unge perspektivet med seg inn i den nye rolla.

– Elles er rekruttering til kyrkjelege utdanningar og stillingar viktig. Ikkje minst er eg opptatt av kyrkja sitt tilstadevere i lokalsamfunnet – at ho skal vere aktuell og åpen, fortel Egebakken.

Fleirtal for Åpen folkekirke – som òg stemte på andre lister

Etter andre runde (fredag) var fire av dei fem valde medlemmane frå Åpen folkekirke, og éin representant samisk.

– Me fekk over halvparten av stemmene i kyrkjevalet, og har derfor lova veljarane å sikre at Den norske kyrkja utviklar seg i ei stadig meir åpen retning, seier Gard Sandaker-Nielsen i Åpen folkekirke.

Oslo 12.09.2016
Vårt Land har laget en maktliste med de 100 mektigste personene i religions-Norge. Her er 13 av 100 samlet på Gamle Logen i Oslo. Gard Sandaker-Nielsen, Basim Ghozlan, Bente Sandvig, Paul Erik Wirgenes, Ingrid Vad Nilsen, Linda Helleland, Kristin Gunleiksrud, Frank Grimstad, Halvor Nordhaug, Per Arne Dahl, Jens Petter Johnsen, Helga Haugland Byfuglien og Vidar Haanes.
FOTO: JOAKIM S. ENGER

– Me har ikkje fleirtal på Kyrkjemøtet, så i realiteten er det dei tilsette – prestane og dei leke – som bestemmer. Derfor var det viktig for oss å sikre at me fekk inn folk i det heile tatt, seier han.

På årets Kyrkjemøte er det 39 representantar frå Åpen folkekirke, 28 frå Nominasjonslista og ni frå Bønnelista. Etter at Åpen folkekirke fekk bra gjennomslag i andre runde, seier Sandaker-Nielsen at det var ei stor letting.

Men då måtte dei sette seg ned og vurdere neste runde.

– Me såg at det kunne vore fint og viktig å spegle fleire av grupperingane i Den norske kyrkja i det som er det øvste organet, seier Åpen folkekirke-leiaren.

Då bestemte dei seg for å støtte Therese Egebakken og Iselin Vistekleiven, som begge fekk 104 stemmer. No er de tre frå Nominasjonslista i Kyrkjerådet.

– Dei to har gjort eit solid inntrykk på dette Kyrkjemøtet, og dei har god støtte i andre grupperingar, seier Sandaker-Nielsen.

###

Alex Ramstad Døsvik frå Nidaros skal inn som medlem i Kyrkjerådet. Foto: Tuva Skare

Dei har ein nøkkelposisjon

Korleis Kyrkjerådet er sett saman betyr mykje for korleis Den norske kyrkja utvikler seg dei neste åra.

– I tillegg er kyrkjerådsleiaren kyrkjas øvste leke leiar. Det er ein posisjon med reell og symbolsk makt.

Det sa dekan ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, Aud Valborg Tønnessen, til Vårt Land i går. Ho kallar Kyrkjerådet for «Kirkemøtets arbeidsutval», og gruppa bestemmer kva saker som skal til Kyrkjemøtet og korleis dei skal bli lagt fram.

Kyrkjerådet har òg ansvar for å setje i verk sakene som blir bestemt på Kyrkjemøtet, samt å utnevne biskopar.

– Det gjer at Kyrkjerådet har ein nøkkelposisjon som utøvande organ for Kyrkjemøtet, seier Tønnessen.

LES MEIR: 

Denne gruppa ber for at Kyrkjemøtet skjer etter Guds vilje

• Møt dei kristenkonservative som støttar Trump: – Gud kan bruke kven som helst

Kyrkjemøtet: Kritisk til ny konfirmasjonsliturgi

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion