Derfor er Thor Haavik den viktigaste influensaren i Kristen-Norge
INSPIRASJON: For eitt år sidan var han ein vanleg prestestudent, med nokre hundre følgarar i sosiale medium. No har Vårt Lands lesarar kåra Thor Haavik til deira favorittstemme i Kristen-Norge.
EIN VINNAR ER KÅRA: Desse fem var nominert til Kristen-Norges viktigaste influensar.
Erlend Berge/Helge Skodvin
Då den 26 år gamle presten drog på innspeling av TV 2-realityen Farmen, hadde han truleg inga aning om at han månadar seinare skulle få ein unik posisjon i det offentlege rom. No er han stemt fram som «Kristen-Norges viktigaste influensar». Den unge presten fekk over 36 prosent av stemmene.
Idet Vårt Land ringer for å gratulere bergenseren, har han dårleg dekning. Telefonlinja sprakar. Thor Haavik er i Finnmark, og har akkurat kome inn etter hundeslede-køyring i lag med fleire frå Farmen.
– Det var ei fantastisk kjensle av fridom. Eg er nesten litt på gråten. Det var utruleg å få oppleve, fortel Haavik.
Bestill abonnement her
KJØP