Den norske kyrkja mister medlemmer – men andre kyrkjer veks eksplosivt
KRISTNE: Talet på medlem i Den norske kyrkja har gått jamnt nedover det siste årtiet. Men totalt sett er utviklinga ei anna. Enkelte kyrkjesamfunn har opplevd eksplosiv vekst sidan tusenårsskiftet.
ORTODOKS: Medan medlemstalet i Den norske kyrkja stadig går nedover, har dei ortdokse kyrkjene i Noreg meir enn firedobla seg i storleik sidan 2006. Her forettar fader Kliment julemesse i menigheten Hellige Olga i Oslo.(Foto: Lars O. Flydal)
– Vi ser at det er større vandring mellom kyrkjesamfunn no enn det var før.
Det er generalsekretær i Noregs Kristne Råd Erhard Hermansen sin kommentar til nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), som viser nedgang i medlemstalet i Den norske kyrkja, men auke i mange andre kristne trussamfunn.
Han understrekar at den største veksten i medlemstal er i Den katolske kyrkja, og at veksten der i størst grad kjem som resultat frå innvandring frå katolske land. Men han meiner også at mange i dag er meir medvitne på kva kyrkjesamfunn dei ønskjer å vere del av.
Bestill abonnement her
KJØP