Dei forlot ei kyrkje i vekst for å starte ei ny
I Forum i Bergen er det 960 sitjeplassar. Her er det plass til forskjellige typar publikum. På scena skjer både konsertar, konferansar og show.
Men under scena er også eit basseng. Her kan ein la seg døype.
For kvar søndag har Salt gudstenestene sine her. Det er ikkje heilt ulikt eit show. Ei typisk gudsteneste inneheld både storskjerm, lysshow og ein band som spelar moderne musikk på scena. Her skal det vere lett å ta med seg nye folk.