Bispemøtet med ny uttaling: – Skal feire med marsipankake

DEN NORSKE KYRKJA: Bispemøtet går inn for å «vigsle» prestar til teneste, ikkje ordinere. – Dette betyr mykje for mi glede av å vera diakon. Det signaliserar eit likskapsprinsipp, seier Eilev Erikstein.

Sak om prostidiakon Eilev Erikstein i Vest-Telemark. Britt Johnsen på Kakeringen serverar kaffi.
FEIRING: Prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, vil unne seg eit marsipankakestykke for å feire at biskopane i Den norske kyrkja seier dei vil bruke sama ordet om å vigsle prestar, diakonar, kateketar og kantorar til teneste.
Publisert Sist oppdatert

– Dette er ein gledeleg dag, seier ein tydeleg oppglødd Eilev Erikstein då Vårt Land ringjer.

Bispemøtet, som er samansett av alle biskopane i Den norske kyrkja (DNK), går no inn for å ikkje lenger kalle det ordinasjon av prestar, medan kateketar, diakonar og kantorar blir vigsla til teneste. Biskopane ynskjer no å bruke ordet vigsling om alle yrkesgruppene.

Erikstein er prostidiakon i Vest-Telemark, og i november i fjor skreiv han i eit debattinnlegg i Vårt Land, at ein ut frå den ulike språkbruken kan få inntrykk av at «det eine er finare enn det andre. Eg tenkjer diverre at det ligg eit maktspråk i botn her, og det er ikkje bra når folk skal arbeide saman».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS