Verdidebatt

Ord gjer skilnad

DEN NORSKE KYRKJA: For meg er orda «vigsling» og «ordinasjon» døme på at ord skaper skilnad mellom folk i vår kyrkje.

Ordet skapar kva det nemner. Eg tenkte på dette Grundvig-sitatet då eg las Vårt Land her om dagen. Med ord og språk lagar me rammer og forståing. Frå ulik sosial konstruvistiske tankegang veit me og at me nytter språket til subjektivt å skape våre oppfatningar av røyndomen. Det er heilt greitt. Men av og til trengs det opprydding, og kanskje ein kritisk gjennomgang av kvifor me seier eller skriv det me gjer.

For meg er ordparet vigsling og ordinasjon døme på at ord skaper skilnad mellom folk i vår kyrkje. Ordet «ordinasjon» blir nytta når prestane blir vigsla, og «vigsling» når det gjeld kantor, kateket og diakon.

Prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein.

Dette er veldig tydeleg og gjennomgåande i VL sine artiklar om biskopane si halding til å spørje om samlivsformer ved vigsling/ ordinasjon (VL 18.11.22). Det er mogeleg journalisten har misforstått her. Men det trur eg ikkje.

Me nytter språket til subjektivt å skape våre oppfatningar av røyndomen. Det er heilt greitt. Men av og til trengs det opprydding

Eit maktspråk i botn

I gudstenstelistene står av og til: «Desse blir ordinert til teneste og desse blir vigsla». Visste ein ikkje betre kunne ein tru at det ligg ulike ting i handlingane, og med litt konspiratorisk tankegang, at det eine er finare enn det andre. Eg tenker diverre at det ligg eit maktspråk i botn her, og det er ikkje bra når folk skal arbeide saman.

Eit fromt ønskje er litt språkvask, og rydding i desse omgrepa. Det vil vera bra for oss som meir og meir skal inn i same lina

Etter eit Bispemøte i 2010 kom dette: «BM sier at det ikke er noen prinsipiell forskjell mellom begrepene ‘vigsling’ og ‘ordinasjon’, men at det er en innarbeidet bruk av ordet ‘ordinasjon’ i forbindelse med prest og ser ingen grunn til å endre dette» (BM 03/10).

Fromt ønskje om litt språkvask

Ein gong slutta Den norske kyrkja seg til Porvo-erklæringa (1993) som nyttar det engelske ordet «ordained» om vigsling til alle tenester. Det er fint. Altså blir alle ordinerte. Vil ein vera meir i det norske språket, får alle bli vigsla. Les ein vigslingsrituala, er dei forbausande like. Så er det mogleg at eg som diakon ikkje er heilt inne dei teologiske implikasjonar som ligg her. Men eit fromt ønskje er litt språkvask, og rydding i desse omgrepa. Det vil vera bra for oss som meir og meir skal inn i same lina.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt