Bispekandidat er styreleiar i Menneskeverd

ABORT: Hege Elisabeth Fagermoen er éin av tre kandidatar til å bli ny biskop i Hamar. I april blei ho styreleiar for livsvernsorganisasjonen Menneskeverd, som jobbar for å stramme inn abortlova.

.
IKKJE TATT STILLING: Hege Elisabeth Fagermoen seier til Vårt Land at ho ikkje har tatt stilling til om ho vil halde fram som styreleiar i Menneskeverd skulle ho bli biskop. Ho er i dag sokneprest i Glemmen kyrkjelyd i Borg.
Publisert Sist oppdatert

Hege Elisabeth Fagermoen er éin av tre kandidatar til å bli ny biskop i Hamar. På kyrkjerådsmøtet 10.–11. november skal den nye biskopen bli tilsett.

28. april i år blei Fagermoen valt til ny styreleiar i livsvernsorganisasjonen Menneskeverd for perioden 2022-2024 på årsmøtet deira.

Organisasjonen skriv på si nettside at dei arbeider aktivt for å styrke vernet om menneskelivet frå befrukting til naturleg død, og for spesielt sårbare grupper. Dei jobbar mellom anna for å fremje alternativ til abort.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS