Åtvara Kyrkjemøtet mot respektlaus debatt: – Me må lytte til kvarandre

Kvinneprest-strid og leiarkamp: På eit Kyrkjemøte prega av ueinigheit, mana åpningsmøtet til fellesskap.

– Me skal sjølvsagt kunne vere rykande ueinige. Men me må lytte til kvarandre, var beskjeden frå leiar av Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum. Foto: Ole Martin Wold.
Publisert Sist oppdatert

– Himmel og hav så godt det er å sjå dykk! Det har vore mange bøner om Vårherre kunne fikse det sånn at det blei Kyrkjemøte. Og det blei det.

Framfor 115 medlemmer åpna leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, årets Kirkemøte i Trondheim. Pandemien utsette samlinga i vår, men i helga er delegatane samla for å vedta retninga for Den norske kyrkja framover.

Mykje står på spel i år. Gruppa Bønnelista hadde allereie varsla at dei ikkje vil godkjenne sakslista, noko dei likevel gjorde. Det går òg mot eit spennande val av kyrkjerådsleiar. Og allereie i åpningstalen blei debatten om kvinnelege prestar tent igjen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS