Arbeidstilsynet held oppe vedtak mot Strand kyrkjelege fellesråd på Jørpeland
DEN NORSKE KYRKJA: Fellesrådet i Strand må rette opp i 11 av 12 pålegg dei fekk frå Arbeidstilsynet. Sjølv etter å ha klaga, er advokaten nøgd med vedtaket.
GRANSKING: Samtidig som det pågjekk ei personalkonflikt i Jørpeland kirke, gjennomførte Arbeidstilsynet sine undersøkingar i fellesrådet. Etter klage blir dei fleste vedtaka likevel ståande – men no med betre grunngiving.
Ruth Einervoll Nilsen
I ei tid kor fysisk besøk ikkje gjekk an, gjennomførte Arbeidstilsynet eit såkalla postalt tilsyn, basert på skriftleg dokumentasjon, med Strand kyrkjelege fellesråd i Rogaland.
Grunnen: «Å kontrollere korleis Strand kyrkjelege fellesråd arbeider med helse, miljø og tryggleik i organisasjonen og korleis dei handterer den pågåande konflikten i Jørpeland kyrkjelyd» heiter det i Arbeidstilsynets forklaring.
Tilsynet konkluderte med 12 «reaksjonar». Etter at fellesrådet klaga på grunngivinga som låg bak desse, har 11 blitt ståande.