Arbeidet for å få solceller på kyrkjetak har stoppa opp
KLIMA: Prøveprosjektet Strand kirke har med stort hell installert solceller på taket. Men retningslinjene for andre kyrkjer let vente på seg. – Veldig synd viss vegleiaren ikkje blir noko av. Den er etterlengta i Kyrkje-Noreg, seier kyrkjeverje Trond Hjorteland.
SOLCELLER: Strand kirke er Noregs fyrste kyrkje med solcelletak. Dei har valt ei løysing som liknar på skiferhellene som opprinneleg var på taket.
Trond Hjorteland
Kyrkjeverje i Strand og Jørpeland Trond Hjorteland har gode erfaringar etter dei fekk installert solceller på taket av Strand kirke i Ryfylke i 2016. Prosjektet var meint som ein pilot i samarbeid med KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter (KA), der ein skulle hauste erfaringar som skulle munne ut i ein rettleiar med retningslinjer for andre kyrkjer som var interesserte i å få solceller på taket.
Mange har tatt direkte kontakt med Hjorteland og vist interesse for å setje i gang liknande prosjekt, men rettleiaren frå KA let vente på seg. Dette meiner kyrkjeverja gjer at pilotprosjektet får avgrensa verdi for andre enn Strand kirke.
– Da blir det meir tilfeldig, folk tek kontakt med oss direkte og eg sender over dokumentasjon. Det er veldig synd viss det ikkje blir noko av rettleiaren. Det ville vore til stor hjelp, og eg opplever at det er etterlengta rundt i Kyrkje-Noreg.