Joel Ystebø om Norge IDAG: – Eg er jo eit barn av denne avisa

Joel Ystebø står på scena i Forum i Bergen. Bak han er ein stor skjerm med eit bilete av Bergen, og logoen til avisa Norge IDAG.

Det er 1. mai og regnet pøsar ute i gatene i Bergen. I sentrum har folk veiva med blant andre palestinaflagg, prideflagg og sovjet-flagg. Det første ein møter i Forum denne dagen er eit Israelsflagg.

– Hjarteleg velkommen til Israeldebatt på generalforsamlinga til Norge IDAG

Norge IDAG sin generalforsamling.

Trine Overå Hansen ser ut over forsamlinga i salen som akkurat har ete lapskaus og marsipankake.

Ein vanskeleg konflikt skal debatterast, men ein anna konflikt ligg også i lufta.

– Eg er jo eit barn av denne avisa, eller denne rørsla, smiler Ystebø når han introduserer seg sjølv

Han er ikkje berre ein politikar i denne samanheng. Han er sonen til Bjarte Ystebø som i 2022 sa opp jobben i avisa Norge IDAG, resultatet av ein bitter konflikt mellom han og gründerane Finn Jarle Sæle og Anita Apelthun Sæle.

Norge IDAG konferanse

– Eit nedbrent bål

Tilbake i 1999, då Norge IDAG vart oppretta, starta Bjarte Ystebø som telefonseljar hjå familievenene og gründerane Sæle som telefonseljar. Etter kvart vart sett på som kronprinsen til avisa: han skulle bli den neste sjefredaktøren.

Norge IDAG sin generalforsamling.

Det viste seg at det ikkje skulle verte så enkelt. I 2019 tok Ystebø opp med paret at han ville ha ein dato for når han skulle overta. I 2022 fekk han vete at dette skulle skje då Finn Jarle Sæle var 75 år, men det skjedde ikkje. I generalforsamlingen i 2022 vart det klart at Sæle-sida fekk fleirtal for sitt styrealternativ, og Ystebø forlot avisa. Den bitre konflikten førte til at BjarteYstebø sa opp, noko som førte til ein splid i miljøet.

Den kristenkonservative konferansen Oslo symposium vart delt i to. Ein med Bjarte Ystebø som arrangør og ein med ekteparet Sæle.

I eit intervju med Vårt Land i 2023 fortel begge partar om den vanskelege tida. Dei hadde vore nære vener i mange år.

No seier Finn Jarle Sæle at konflikten er over.

– Den er eit nedbrent bål. Det vil liggje litt restar igjen i hist og pist, som med alle bål. Men som konflikt er glørne borte, så er det litt oske igjen.

– Så no har de kontakt igjen?

– Nei, du veit, livet er jo ikkje slik. Dei du har kontakt med er bestemt av kvar ein engasjerer seg.

Norge IDAG sin generalforsamling.

Han forklarar at dei ikkje har dei same engasjementa og at det fører til at dei ikkje har så mykje kontakt. Fritid har dei ikkje hatt mykje av, legg han til og forklarar at verken han og Anita har tid til å ha så mykje kontakt med mange.

– Konflikten er over, den eksisterer ikkje som noko meir enn historie.

Men så enkelt er det ikkje for den unge KrF-politikaren.

Vaks opp i Norge IDAG-sfæren

I foajeen i Forum ligg det capsar rundt på nokre bord. “Ja til livet” og “nei til fosterdrap”. Bodskapen er tydeleg, også på bannerane som står bak.

Sæle er også tydeleg i det han meiner og er ein engasjert mann. Når Vårt Land skal prøve å få tak i han, er det vanskeleg å få han med seg. Han må stoppe og snakke med fleire på vegen. Og det er ikkje små tema som er vert snakka om. Han forklarar han at heile prosjektet Norge IDAG er ein åndskamp. Engasjert fortel han om å støtte Israel og bekjempe antisemittisme, om USA og Trump og abort.

Norge IDAG sin generalforsamling.
Norge IDAG sin generalforsamling.

– Desse temaa er det som skal takast opp i panelsamtalen, forklarar Sæle.

Og her han invitert Joel Ystebø, førstekandidat for KrF Hordaland og sonen til Bjarte Ystebø.

– Joel har jo alltid vert min beste ven, enkelt og greitt.

Sæle forklarar at han ønsker at både Konservativt og KrF skal gjere gode val. Han trur også Ystebø står for dei same tinga som han sjølv.

---

Konflikten mellom Bjarte Ystebø og Norge IDAG

  • Ein konflikt mellom Bjarte Ystebø og gründerane for Norge IDAG og ekteparet Finn Jarle Sæle og Anita Apelthun Sæle.
  • Norge IDAG er ei kristenkonservativ vekeavis som vart stifta i 1999. Finn Jarle Sæle har vore sjefredaktør frå start, etter han fekk sparken som sjefredaktør i Dagen.
  • Avisa har sidan start fokusert på temaa Israel, motstand mot abort og skepsis mot makt og styresmakter.
  • Bjarte Ystebø var assisterande sjefredaktør i over 20 år. Han har også arrangert Oslo Symposium sidan 2011, ein kristenkonservativ, politisk konferanse med utspring i Norge IDAG.
  • Ystebø starta som telefonseljar for avisa, men vart raskt satsa på og etter kvart sett på som den som skulle overta som sjefredaktør.
  • I 2019 etterspurde Ystebø ein dato for når han skulle ta over, Anita Apelthun Sæle svarte at det ville skje når Finn Jarle Sæle vart 75 år. Det skjedde ikkje.
  • Det vart lagt fram ein aksjeemisjon frå styret. Ystebø meinte at planen til Sæle var å kjøpe større selar av aksjane som avisa skulle ha, for å kunne ha meir makt over avisa. Sæle argumenterte med at det var for å styrke økonomien.
  • Etter kvart oppstod også usemje om kor stor rolla til Ystebø eventuelt skulle vere, der Sæle ønska å behalde kontroll fordi han meinte jobben kravde ein spesialist på aksjar og eigedom. Ystebø meinte at Sæle ikkje ville gi slepp på kontrollen.
  • På generalforsamlinga 29. juni 2022 troppa begge sider opp med bunker på hundrevis av fullmakter. Gründarane vann og det resulterte med at Ystebø sa opp, men også at dei to partane braut kontakten.

---

– Kvifor kjem Joel Ystebø her i dag?

– Han kjem hit i dag fordi han er ein kjempeflott talar nettopp på dei emnene som interesserte oss på dette symposiet og der vi deler sosiale synspunkt.

– Sjølv om han var veldig ung, så vaks han opp i Norge IDAG-sfæren, det seier han jo sjølv også.

Norge IDAG sin generalforsamling.

Vil ikkje snakke om det

– Eg veit ikkje om eg hadde vore politikar om eg ikkje hadde vore ein del av dette, seier Ystebø frå scena og viser til Norge IDAG-miljøet.

Etter kvart kjem dei i gong med Israeldebatten. Ystebø seier at han ønsker å styrke relasjonen mellom Noreg og Israel og at han meiner eit regjeringsskifte må til for å få til.

Han vegrar seg ikkje for å snakke om vanskelege tema og seier «vi israelsvener» i panelsamtalen, men konflikten mellom faren og gründerane unngår han.

Norge IDAG sin generalforsamling.

– Korleis opplever du den konflikten?

Eg har nok ikkje noko ønske om å sei korleis det var, kva skal eg sei.

Han tenkjer seg om før han heldt fram.

– Eg opplever at det var ein konflikt som min far var tungt inne i, men ein konflikt eg ikkje vil sei så mykje om.

Han fortel at han har opplevd sterk støtte frå miljøet, og også direkte frå Finn Jarle Sæle og fortel at han er takksam for alt han har fått oppleve i Norge IDAG-samanheng. Noko han ikkje får frå alle. Han er glad for å vere til stades på generalforsamlinga.

Norge IDAG sin generalforsamling.

– Eg opplever det som eit venleg signal om at dei ønsker å høyre kva eg har på hjarte.

Han viser til eit intervju Finn Jarle Sæle hadde med VG og fortel at der han sagt at han støttar Joel sitt kandidatur.

– Det er veldig kjekt å høyre.

Tilbake på scena går debatten mot ein avslutning.

– Vi blir fordumma av å sjå på NRK, seier Trine Overå Hansen.

Ho nemner fleire medium ho meiner er med på dette.

– Og også tildels av å lese andre kristenaviser også, avsluttar ho.