Den apostoliske truvedkjenninga er ein økumenisk anerkjent «definisjon» av den kristne trua. No endrar Den norske kyrkja den nynorske omsettinga av den.
– Den første bevegar i denne saka, var eit ungt og modig kyrkjemøtemedlem, som er nynorskbrukar, og som frå denne talarstolen spurte: «Er det berre på bokmål Gud framleis ‹skaper›», seier biskop Jan Otto Myrseth til Kyrkjemøtet.
Vårt Land fortalde i 2023 om Inga Dekko som bad biskopane endra omsettinga av det fyrste leddet i vedkjenninga: «Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord».
Der er nemleg Gud passiv – språkleg sett.
Forslaget om å endra omsettinga vart vedtatt samrøystes.
Dette er endringa
Tidlegare har den fyrste setninga i truvedkjenninga, lydd:
«Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord».
No heiter det:
«Eg trur på Gud Fader, den allmektige, skapar av himmel og jord».
– Ei stor hending
Ein av dei som har engasjert seg i debatten, er leiar ved avdelinga for teologi, religion og filosofi ved NLA Høgskolen, Gunnar Innerdal.
«Endringa er motivert av et ønske om teologisk klarhet om at Gud ikkje berre er skaper i fortid», skreiv han nyleg i Vårt Land, men tok samtidig til orde for ein meir fyldig gjennomgang av språket i vedkjenninga.
Då saka gjekk til handsaming i Kykrjemøtet lørdag kveld, var det fleire som engasjerte seg.
– Det er både ei enkel avgjerd og ei stor hending, sa nynorskbrukar og biskop i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen.
– Gud skapar, det skjer i presens, sa ho.
---
Les den nye omsettinga av Den apostoliske truvedkjenninga her:
Eg trur på Gud Fader, den allmektige, skapar av himmel og jord.
Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagt, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.
Eg trur på Den heilage ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamenog evig liv.
Amen.
---