– Nokre stikkord er utmatta, overvelda og takksam.
Det seier Knut Refsdal på spørsmål om korleis han har det fredag ettermiddag, kort tid etter han blei valt til ny biskop i Metodistkyrkja i Norden, Baltikum og Ukraina.
Og at han er utmatta er ikkje så rart. Heile 26 avstemmingsrundar tok det, før han fekk to tredjedels fleirtal som det krevst for å vinne avstemminga.
Det var dansken Thomas Risager som var motkandidat.
– Det var ein intens stemmeprosess, og det var slitsamt å sitje der, fortel Refsdal, og legg til at det også har vore ein lang prosess som har leia opp til sentralkonferansen i København, der han blei valt.
Det var ein intens stemmeprosess
— Knut Refsdal
– Handlar ikkje om splitting
Refsdal seier tanken bak at ein må ha to tredjedels fleirtal er at ein skal koma saman frå dei ulike landa for å utforske, og saman finne den beste vegen vidare.
– Det at ein brukar fem timar av ein slik konferanse på det er kanskje ikkje så rart. Det er ei viktig avgjersle.
– Det at det blei så mange avstemmingar skuldast heldigvis ikkje splitting eller at folk er djupt ueinige. Det handlar om at me blei vurdert ganske likt, Risager og eg, meiner Refsdal.
Han jobbar no som sokneprest i Den norske kyrkja, på Jeløya utanfor Moss. Dette er mogleg fordi prestar i Den norske kyrkja og Metodistkyrkja kan jobbe i kvarandre sine kyrkjer, gjennom ei avtale som heiter Nådens fellesskap.
Metodistkyrkja treng å tenkje gjennom korleis me skal vera kyrkje i dagens samfunn
— Knut Refsdal
Den nyvalde biskopen seier han alt har informert den noverande sjefen sin, altså prosten, og at han ganske umiddelbart skal byrje på ein fleksibel overgang til bispestillinga.
Den formelle oppstarten er 25. mai, då han tek over etter noverande biskop, Christian Alsted, som gjev seg som biskop etter 16 år.
Hovudprioritet
– Kva ynskjer du å få til som biskop?
– Me er i ei tid der det skjer mykje forandring, og der Metodistkyrkja treng å tenkje gjennom korleis me skal vera kyrkje i dagens samfunn. Å leggje til rette for samtaler om dette blir nok hovudprioriteten framover, seier Refsdal.
Han trur mange menneske er redde for tida, mellom anna på grunn av storpolitisk uro.
– Me som kyrkje må seie noko om håpet, og om at me må samarbeide som menneske i verda for å finne gode vegar vidare.
Likekjønna ekteskap
Dei siste åra har Metodistkyrkja globalt vore splitta i synet på likekjønna ekteskap. Debatten eskalerte i 2019, og førte til at fleire kyrkjer meldte seg ut av United Methodist Church i 2019. I Noreg har fire kyrkjeøydar meldt seg ut etter liberalisering i synet på samliv.
– Du skal styre kyrkja i ei tid med splitting og kyrkjelydar som melder seg ut. Kva blir vegen vidare?
– I Noreg nærmar me oss slutten på diskusjonen rundt ulikt syn på seksualitet, men i andre land er ein langt frå det, så det blir arbeid med det vidare framover, seier Refsdal.