Religion

Staysman meiner ein burde ha ritual for skilsmisse i kyrkja

SKILSMISSE: Artisten «Staysman» laga musikkvideo der han og ekskona skilte seg i kyrkja. Han trur det hadde vore ein god ide på ekte også.

– Me gifta oss i kyrkja, og samtidig er kyrkjerommet ein godt eigna stad for filming, så det var litt med tanke på videoinnhaldet også. Samtidig synest eg videoen oppsummerer oss veldig bra. På slutten går me ut derifrå, ho skal sine ting og eg skal mine ting, fortel Stian Thorbjørnsen til Vårt Land.

I februar skapte artist Thorbjørnsen, også kjent som Staysman, forvirring då han vart avbilda saman med ekskona iført full brudestas i Vålerenga kirke. Fleire lurte nemleg på om dei to hadde gifta seg igjen.

Forholdet mellom Thorbjørnsen og Tina Svestad har vore slutt sidan 2020, men dei to har framleis vore formelt gift inntil nyleg.

I musikkvideoen ser det altså tilsynelatande ut som at Thorbjørnsen «giftar» seg med Svestad, men på slutten av videoen går dei i staden kvar til sitt. Thorbjørnsen kallar det ein «skilsmissevielse».

I forkant av videoen snakka Thorbjørnsen med ein prest som meinte at det var ein god ide å filme videoen i kyrkja, fortel han.

– Nestekjærleik deluxe

– Synest du det du sjølv kallar «skilsmissevielse» burde bli noko kyrkja tilbyr?

Stian Thorbjørnsen

– Ja, eg syns det. Det er ein litt meir moderne tenkemåte. Det er veldig mange som skiller seg, og det er ikkje alle som skiller seg som er bitre fiendar. Når ein har gifta seg i kyrkja, sjølv om det kanskje strir litt imot nokre ord som står i Bibelen, trur eg også det er viktig å kunne feire det vennskapet i kyrkja om ekteskapet tek slutt.

For Thorbjørnsen og ekskona tok kjærleiken rett og slett slutt, fortel han, og det trur han gjeld for mange. Artisten meiner eit rituale kan vere med på å fjerne stigma knytt til det å skilje seg. Han trur framleis det finst folk som ikkje har det godt i ekteskapet, men som held saman på grunn av dette.

– Tanken om ei «skilsmissevigsling» vaks meir og meir på meg. Det er jo nestekjærleik deluxe, det står jo nokre fine ord om det i Bibelen, seier Thorbjørnsen.

Prestar og biskopar var positive til ideen

I 2019 presenterte den danske soknepresten Peter Nejsum eit utkast til eit såkalla skilsmisseritual for den danske folkekyrkja. I samband med dette spurte Vårt Land norske prestar og biskopar kva dei tenkte om noko liknande for Den norske kyrkja.

Fleire var positive til ideen og Anne-May Grasaas, domprost i Oslo domkirke, sa den gongen at Nejsum sitt utkast var «nydelig lesning», men var samtidig skeptisk til å å formalisere det som ei ordning i kyrkja.

Nejsum sa til Kristeligt Dagblad at forslaget til skilsmisseritual ikkje var eit ritual som skulle likne på ei vigsling, men heller på skiftemålet og gravferda.

– Det er en velsignelse, tilgivelse og forkynnelse til den enkelte skilte, sa han til den danske avisa.

Ville feire at dei gjekk frå kvarandre

Ein har stort sett ei markering i kyrkja for alle dei viktigaste hendingane i livet: dåp, konfirmasjon, giftemål og gravferd. Men ein har ingen offisiell markering når eit ekteskap tek slutt.

Stian Thorbjørnsen, «skilsmissevielse» i Vålerenga kirke

– No var kanskje ikkje forslaget frå den danske presten tenkt heilt slik ein ser i videoen din, men kva trur du eit rituale, eller markering, i kyrkja ved skilsmisse kunne bidratt til?

– For vår del handla det om å kunne feire å gå frå kvarandre, det høyrest kanskje litt bisart ut, men altså det å feire vennskapet og alt ein har vore igjennom. Sjølv om ein passar saman som kjærestar ein periode av livet, så er det ikkje sikkert det varer livet ut, seier han.

– Viktig å ufarleggjere det

For Thorbjørnsen og ekskona var det koronapandemien, mykje trasking heime og små born som gjorde at dei for første gong vart ordentlig kjent med kvarandre, ifølgje artisten.

– Det vart ikkje slik me trudde det skulle bli, det gjekk kanskje heller i motsett retning. Og eg tenkjer det er fint for familien og omgjevnadane at ein ufarleggjer det.

Thorbjørnsen har barn med to forskjellige kvinner, og har sjølv skilte foreldre. Ein gong i året inviterer han heile gjengen på middag.

– Då er det eksar i alle retningar. Eg synest det er supert å vise den oppvoksande generasjonen at sjølv om det ikkje funka, så er mamma og pappa framleis gode venner, seier artisten.

– Rituala i kyrkja markerer inngangen til noko heilagt

– Kva tenkjer du om eit liturgiritual i kyrkja ved skilsmisse?

– Eg tenkjer slik at dei fleste kyrkjerituala spring ut av veldig konkrete livsløspshendingar. Skilsmisse er absolutt ei livshending for mange, men det er på ein måte ikkje ein tradisjon for å markere det i kyrkja, seier Solveig Julie Mysen, leiar av Nemnd for gudstjenesteliv og kapellan i Moss.

Solveig J. Mysen er leder av Nemnd for gudstjenesteliv og kapellan i Moss.

Mysen trur initiativet i så fall måtte ha kome både nedanfrå og ovanfrå, og i løpet av ein lang prosess. I tillegg måtte det ha blitt tenkt gjennom grundig teologisk, peikar ho på.

– Det finst mange andre milepælar i livet som ikkje vert markert i kyrkja, dei rituala me allereie har, markerer inngangar til noko som er heilagt, som livet, kjærleiken og det evige livet, seier ho.

Eit slikt rituale ville passa dårleg for nokre, men bra for andre, trur ho. Mysen har forståing for behovet for å markere ei skilsmisse på ein ritualisert måte, men meiner at dette kanskje heller høyrer heime i ein familiesamanheng.

– Skilsmisse er ofte noko som er sårt, og det vil kunne opplevast svært ulikt. Med ein gong ein tek noko inn i kyrkja vert det intensivert, som kan vere med å gjere ting betre, men også vondare, seier Mysen.

Institusjonalisert kultur

Sett frå det tradisjonelle synet på samlivsbrot, er dette noko som ville blitt opplevd som komplisert, trur Mysen. Ho synest likevel det er interessant at det er mange ting ein ønskjer å ha inn i kyrkja. Det seier kanskje noko om kor institusjonalisert kulturen vår er, at me ikkje kan bere den ritualiseringa utan innblanding av profesjonelle lenger, seier ho.

– Men om det ein gong blir ein realitet, korleis ser du for deg at eit slikt rituale kunne sett ut?

– Eg trur nok ikkje det kunne likna på eit bryllup, og så tenkjer eg kanskje at takksemd for det som har vore godt, forsoning og frigjeving av kvarandre ville ha vore med. Men så dukker det opp spørsmål om noko så enkelt som kva salmer ein skulle valt for ei slik stund? Så vidt eg veit er det ingen salmer som er skrive til dette formålet enno, seier Mysen.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Religion