Det var den fjerde dagen i september 2005. Geir Stomnås hadde på seg ei kvit bukse og ei kvit skjorte, og stod med vatn til midja. Det var nesten tretten år sidan han blei ordinert til prest.
Meir enn tre hundre augo følgde med frå dei raude stolradene då pastor Gunnar Jeppestøl dukka han under vassoverflata i dåpsbassenget.
Opp kom pinsevennen Stomnås. Seinare i møtet blei han innsett som pastor i Filadelfia Vennesla.
– Ein stor dag, er oppsummeringa når Stomnås ser tilbake på septemberdagen.
Han kjenner ikkje til andre tilfelle der nokon har blitt døypt same dag som dei har blitt innsett som pastor.
– I praksis kalla ei pinsekyrkje ein luthersk prest til å bli pastor hjå dei.
Stomnås slutta i jobben som prest i Norkirken få dagar før han blei innsett som pinsepastor på sundagsmøtet. Frå utsida såg det kanskje ut som ein brå overgang, men den innvendige prosessen var langt meir gradvis.
Å endeleg ta steget inn i pinsevenenes rekkjer var som å koma heim for sørlendingen. Han stod ikkje lengre i eit konstant spenn, der han stadig måtte forsvare meiningar eller praksisar som kjentest heilt naturlege for han. Han kunne senke skuldrene.
---
Geir Stomnås
- Hovudpastor i Filadelfia Vennesla, som er ein av dei største pinsekyrkjene i Noreg
- 58 år
- Frå Greipstad utanfor Kristiansand
- Bur i Vennesla
- Gift med Hilde, saman har dei tre barn
---
Åtvara mot yoga, blei kalla psykopat-pastor
For for mange er kanskje Stomnås best kjent for å fremje synspunkt og praksisar som ikkje er heilt mainstream i Den norske kyrkja, som han før høyrde til, og langt mindre i dei breie laga av det norske folk.
For tre månadar sidan skapte det nasjonale overskrifter då pastoren i Fædrelandsvennen gjekk ut mot yoga, og forsvarte demonutdriving. Seinare plukka mellom anna Nettavisen og NRK opp saka.
Han tok til orde for at yoga, med sitt hinduistiske opphav, kan opne døra for ånder som ikkje er av Gud, og han fortalde om møte med menneske som han meinte var plaga av vonde ånder som ei fylgje av praksisen.
Det er ikkje mangel på skjellsord og nedsetjande karakteristikkar i kommentarfelta. Utan å ramse opp dei aller verste, kjem like fullt ord som hjernevask, manipulering, tyrann, sjølverklært profet og psykopat-pastor opp.
På Stomnås si eiga facebook-side har éin person under fullt namn tatt til orde for tvangsinnlegging, og skriv vidare at han trur at pastoren vil hamne i eit potensielt helvete.
– Den har eg ikkje sett, må eg innrømme, seier Stomnås om sistnemnde.
I praksis kalla ei pinsekyrkje ein luthersk prest til å bli pastor hjå dei
Klar over at folk ser på han som ein «galning»
Me har funne oss ei sofagruppe på Led-konferansen på Lillestrøm, der 1.300 pinseleiarar er samla. Surret av stemmer overdøyver oss nesten i vrimleområdet utanfor hovudsalen.
Stomnås ser ut til å ta dei kvasse nett-kommentarane med stor ro. Han held seg alltid kommentarfelta, men han er fullt klar over at mange der ser på han som ein «galning».
– Når eg er i det offentlege og meiner ting, så må eg tole at andre har meiningar om det eg seier. Så lenge eg kan stå for det eg seier, kan folk seie kva dei vil om meg, seier Stomnås med mild stemme, på klingande sørlandsk.
– Det går ikkje inn på deg?
– Nei, ikkje i det heile.
– Det høyrest kanskje arrogant ut, som om eg er så sterk og flink, men grunnen til at eg kan stå i det er at folk ber for meg. Eg har ein heil kyrkjelyd i ryggen.

Stomnås seier han kan merke fysisk at folk ber for han. Og på grunn av dei TV-sende og nett-strøyma gudstenestene dei har i Filadelifia, får han også tilbakemeldingar om at menneske andre stadar ber for han.
– «Me har bønnemøte kvar onsdag, og då tek me alltid med ditt namn», attfortel han, før han stoppar opp litt.
Augo blir blanke av tanken.
– Ja, det er til å grine av, det er så rørande.
– Kan ikkje leggje meg ned og grine
Det er ingen tvil i han om at bøn er med på å gjera han i stand til å stå i hard motbør. Han meiner det er ein del av ein åndskamp. At vonde åndelege krefter påverkar verda, så vel som gode.
Yogadebatten i fjor er ikkje fyrste gong Stomnås har stukke seg fram i media med kontroversielle meiningar. Han har tidlegare mellom anna fått spalteplass for si støtte til Israel, og motstand mot Pride, abort, og nyreligiøsitet.
– Er det eit bevisst val frå di side, at du er ei så tydeleg stemme i nokre av dei mest betente debattane?
– Nei, det har det aldri vore. Det er ingen strategi bak. Men eg svarar alltid når journalistar ringjer. Det dummaste me kan gjera er å gjera oss sjølve til offer.
Han legg om stemma nesten umerkeleg og etterapar ein fiktiv trusfelle: «Stakkars oss kristne som alle er imot».
Stomnås meiner kristne i dag, på lik linje med Jesus, må tole at bodskapen ikkje når inn over alt.
– Og det me opplever av motstand i Noreg er berre «peanuts», i forhold til det mange kristne rundt om i verda gjer. Så når ein redaktør på leiarplass ikkje skriv fint om meg, kan eg ikkje leggje meg ned og grine.
Stomnås fortel at han sjeldan sjølv oppsøkjer pressa. Berre ei handfull lesarinnlegg har han sett namnet sitt på i løpet av eit langt yrkesliv som åndeleg leiar.
– Eg trur me har alt å vinne på å stille opp i media. Det må gjerne sitje 15 journalistar i salen under mine preiker. Me har ingenting å skjule. Og om me gjer noko gale, så må me stå for det også, be om orsaking, og rette opp så godt me kan.
---
4 raske
- Gud er: allmektig og nådig
- Eg klarar meg ikkje utan: trening og Bibelen
- Boka alle må lesa: Bibelen
- I gravferda mi vil eg ha denne salmen: Reis deg, Guds menighet av Melchior Falk Gjertsen
---
Å drive ut ånder er ein del av kallet
Etter diverse galmanns-karakteristikkar, og eit heftig mediekøyr i etterkant av utspel om demonutdriving og vonde ånder, skulle ein kanskje tru at dette var eit tema Stomnås helst ville unngå.
Men tvert imot endar ofte dei ulike samtaletemaa opp i åndeverda. Det er tydeleg at det er eit sentralt tema for Stomnås.
Og på lik linje med medieoppslaga fortel pastoren at det aldri vore eit aktivt val og gjera dette til ei kampsak. Men éi hending tidleg i livet gjorde det klart for han at nettopp dette var eit emne Gud ynskte å føre han inn i.
Dersom det er ei vond ånd til stades, må ho drivast ut
Éi av dei fyrste vekene han studerte teologi, på den dåverande Misjonshøgskulen i Stavanger, hadde han ein draum. Stomnås seier Gud sjeldan har talt til han i draumar, men at det skjedde denne natta.
– Eg ser levande for meg den draumen endå.
Stomnås kikkar opp i lufta og teiknar eit bilete med hendene.

Han fortel at han stod i andreetasjen i eit hus. Det var ei vond ånd i huset, som Stomnås til slutt dreiv ut.
– Då eg vakna, visste eg hundre prosent sikkert at Gud hadde talt til meg. Det kan ingen ta frå meg.
Bodskapen han sat att med var: «Du skal møte menneske som treng å bli sett fri frå vonde ånder».
Stomnås tok bodskapen på alvor og gjorde alt han kunne for å førebu seg på oppgåva. Han dykka ned i Bibelen for å finne tekststadar om det, og valde demonutdriving som tema for den avsluttande hovudoppgåva på studiet.
For Stomnås er det klokkeklart at ein del av kallet hans, saman med å forkynne Guds ord «klart og reint», er at Gud skal kunne verke gjennom han med teikn og under.
– Det handlar mellom anna om læking og utdriving av vonde ånder, seier han, og viser til misjonsbefalinga i Markusevangeliet.
Her seier Jesus om læresveinane at «i mitt namn skal dei drive ut vonde ånder».
– Jesus gjorde dette over alt der han kom.
Stomnås ynskjer at dette også skal prege tenesta hans.
Balanse mellom psykiatri og vonde ånder
– Kan det du kallar vonde ånder vera psykisk sjukdom?
– Dersom me ser på nokre av dei ytre symptoma som følgjer med å ha vonde ånder i seg og visse psykiske lidingar, så kan desse i nokre tilfelle vera like. Derfor må me alltid vera varsame i møte med menneske som lid, og møta dei på ein klok måte, og med respekt, svarar Stomnås.
Han trur ein i visse delar av verda kan vera for rask til å tenkje at alle plager kjem av vone ånder eller demonar, medan ein i Vesten tenkjer at dette høyrer heime i psykiatrien. Pastoren ynskjer å finne ein balanse.
– Men dersom det er ei vond ånd til stades, må ho drivast ut.
Stomnås meiner det er det einaste som gjer at personen verkeleg kan bli fri.

Ei karismatisk vekking
Rundt oss har det blitt stillare. Pinseleiarar i alle aldrar har trekt inn til eit seminar om å leve motkulturelt.
Stomnås fortel at han etter enda teologistudie reiste ut som misjonær med kona for Det Norske Misjonsselskap til Brasil. Dei jobba i ei luthersk kyrkje, og sjølv om ekteparet hadde erfaring med karismatikk via Oase-rørsla heime i Noreg, møtte dei ei ny røynd i Sør-Amerika.
– Det var mykje meir radikalt. Me såg Guds kraftgjerningar i langt sterkare grad enn det me var vane med i Noreg.
Stomnås seier det kom ei karismatisk vekking i den lutherske kyrkja i Brasil omtrent samstundes som han og kona kom. Han legg til at det ikkje hadde noko med dei å gjera, men at framkomsten deira til Brasil samanfall med denne oppvakninga.
Fleire lutherske prestar kom saman for å drøfte korleis dei skulle handtere alle dei nye som kom til tru, og dei meir karismatiske trusuttrykka dei såg blomstre opp. For nordmannen var det ei spanande tid, som skulle forme livet hans vidare.
Dødstrugslar
– Når me forkynte Guds ord og bad for folk, såg me korleis Den heilage ande blei forløyst. Menneske blei friske og nye menneske byrja å tale i tunger.
Men det som gjorde aller tydelegast inntrykk, var då Stomnås opplevde at menneske blei frie frå det han meiner er vonde ånder.
Dette var noko nytt for Stomnås, men han kjente seg førebudd av Gud til å ta fatt på dei nye oppgåvene.
Eg trur ikkje det handlar om ein er pinseven eller noko anna, men om ein er open for at Gud kan sleppe til med si kraft
Scenane han skildrar verkar skremmande, uavhengig av årsaksforklaring eller livssyn. Han fortel om aggressive menneske som snerrar ut dødstruslar mot både han sjølv og familien. Men Stomnås er overtydd om at det er djevelen sjølv som står bak, og ikkje menneska han har hatt framfor seg.
– Han vil skremme oss frå å be for folk, frå å drive ut åndene.
Men pastoren seier han aldri har vore redd.
– Har ein Jesus i seg treng ein ikkje frykte nokon ting. Det står tydeleg i 1. Johannesbrev: at han som er i oss, er større enn han som er i verda.
Stomnås meiner nordmenn treng å få opp augo for det han kallar den åndelege røynda.
– Den er akkurat lik her som resten i verda. Og i Brasil møtte me like stor skepsis til å drive ut ånder som det me gjer her.
Døypte hundrevis av spedbarn
Det var i dette spennet, mellom luthersk teneste og karismatisk vekking, at reisa frå prest til pastor byrja for Stomnås. Han skildrar eit dåpssyn i endring, der han etter kvart under tida i Brasil gjekk over til ei meir metodistisk forståing av dåpen.
– Ein tenkte at barn blir døypte fordi dei er barn av Gud, ikkje slik som i luthersk forståing, der dei blir døypte for å bli barn av Gud.
I dag er han overtydd om at truande dåp, slik pinserørsla praktiserer det, er det rette. Men det var ikkje dette som var den fremste motivasjonen for å bli pinseven.
– Sjølv om nokon pinsevener nok helst skulle ynskje at det var det, seier Stomnås med ein liten latter.
Som prest har han døypt hundrevis av spedbarn.

– Kva tenkjer du i dag at skjedde i dei seremoniane?
– Ut frå liturgien tenkjer ein at barnet tek i mot Den heilage ande og blir barn av Gud, men det synest eg det er vanskeleg å finne støtte for i skrifta.
– Men kva var då handlingane du utførte når du no ser tilbake på dei?
– Eg stod for den måten å gjera det på då, så eg har ikkje reflektert noko meir over det.
Men han angrar ikkje. Stomnås understrekar at han har gode erfaringar med seg frå alle dei ulike kristne samanhengane han har vore i. Her er det ikkje noko trong til oppgjer. Pastoren meiner Gud verkar i mange ulike kontekstar.
– Det handlar også om at me ser stykkevis og delt. Me kan stå trygt planta i vår eigen ståstad, og likevel vera romslege for folk som tenkjer annleis. Eg ser kraftgjerningar som at menneske blir friske og at vonde ånder blir drivne ut. Men eg opplevde akkurat det same då eg var luthersk prest.
– Eg trur ikkje det handlar om ein er pinseven eller noko anna, men om ein er open for at Gud kan sleppe til med si kraft.