– Vi har hatt veldig fine kveldar, seier Torbjørg Oline Nyli, som er styreleiar i Fellesmøtene og pastor i Ytre Randesund Misjonskirke.
Ho leier for første gong den årvisse møteveka, og var i forkant spent på reaksjonane på ei stor endring: Årets Fellesmøter blir nemleg avvikla utan talarar.
I staden har tre menneske kvar kveld fått dele vitnesbyrd med forsamlinga, under overskrifter som «Når Jesus kallar» og «Når Jesus sett fri».
Mellom dei som har delt vitnesbyrd er Brave Heart-gründer Sina Saltbones, Start-spelar Mathias Grundetjern, og generalsekretær Siri Iversen i Misjonskyrkja Norge.
Frie vitnesbyrd frå salen
Nyli fortel at tilbakemeldingane ho har fått tyder på at dette var etterlengta:
– Eg innser no kor lei folk er av talarar på møtene, ler ho.
Dei som har vore i elden for å dele vitnesbyrd, var ifølge Nyli spente, men har fått enorm respons i etterkant.
– Dei har opplevd massiv respons, og fått mykje takk og positive tilbakemeldingar.
Etter dei planlagte vitnesbyrda frå scena har det kvar kveld vore åpning for frie vitnesbyrd frå møtedeltakarane, som ikkje har vore mogleg å få med seg dersom ein har fulgt møta via strøyming.
---
- Arrangert kvart år sidan 1946
- 45 kyrkjelydar og organisasjonar arrangerer saman
- Overskot frå møtene går til Bibelselskapet
---
Trassa snøveret
Då Vårt Land snakka med Nyli laurdag føremiddag, skildra ho sinnstilstanden før det venta innrykket av 5-7000 møtedeltakarar som «stille før stormen». Medan vi snakka saman trilla det inn hastemelding frå Yr om at det er venta svært store snømengder på Sørlandet, og værvarselet vart stadig meir påtrengjande gjennom helga.
– Vi har hatt godt oppmøte trass veret, fortel Nyli Vårt Land onsdag.
– Mandag vart vi jo tilrådde å halde oss inne, og det var det nok ein del som gjorde, men dei andre dagane har vi hatt fulle hus.
Samstundes, seier Nyli, har det vore merkbart kor mange som følger møtene via skjerm.
– Vi har fått tilbakemeldingar frå heile landet, og det er tydeleg at formatet med vitnesbyrd som vi har lagt opp til har fungert godt på video.