Religion

Tradisjonsrike møter under ny leiing

SAMLING: Torbjørg Oline Nyli tek over som leiar for Fellesmøtene i Kristiansand, og i år prøver dei noko heilt nytt.

– Eg er veldig spent, og vi gler oss veldig til å komme i gang, seier Torbjørg Oline Nyli, som er ny styreleiar i Fellesmøtene.

Ho skal for første gong leie den årvisse møteveka, som dei siste åra har trekt mellom mange tusen møtedeltakarar til storsalen i KRS Live (tidlegare Q42).

Fellesmøtene har blitt arrangert utan opphald sidan 1946, og det er i dag 45 kyrkjelydar og organisasjonar som står saman om å arrangere møtene.

I sitt første år i stolen står Nyli, som til dagleg er pastor i Ytre Randesund Misjonskirke, i spissen for endringar i det tradisjonelle formatet.

Møteveke uten talar

Årets Fellesmøter blir nemleg avvikla utan talarar. I staden skal tre menneske kvar kveld dele vitnesbyrd med forsamlinga, under overskrifter som «Når Jesus kallar» og «Når Jesus sett fri». Ein av kveldane er også via temaet lækjedom frå Gud - og når lækjinga uteblir. I tillegg til vitnesbyrda, blir det også skriftlesing og lovsong.

Mellom dei som skal vitne er Brave Heart-gründer Sina Saltbones, Start-spelar Mathias Grundetjern, domprost i Kristiansand Nils Terje Andersen og generalsekretær Siri Iversen i Misjonskyrkja Norge.

– Vi er i ei tid der vi høyrer rykter om at Gud gjer mykje, ikkje minst mellom dei unge i byen vår. Derfor vil vi at menneske skal fortelje om det som har skjedd i deira liv, seier Nyli.

Ho viser mellom anna til etterdønningane etter vekkinga på Vigeland, og rapportar om at mange kyrkjelydar i Kristiansand opplever at unge strøymer til og blir frelst.

– Ligg det bekymring for teologisk splitting bak å velje vekk talarar til fordel for vitnesbyrd?

– Nei, absolutt ikkje. Verkeleg det motsette. Vi vil hente opp det som skjer rundt oss, og gje røyst til mange, i staden for at ein enkelt talar skal analysere det som skjer.

---

Fellesmøtene i Kristiansand

  • Arrangert kvart år sidan 1946
  • 45 kyrkjelydar og organisasjonar arrangerer saman
  • Overskot frå møtene går til Bibelselskapet

---

Frie vitnesbyrd frå salen

Dei som skal i elden for å dele vitnesbyrd, er ifølge Nyli spente, men ser også fram til å dele historiane sine for den store forsamlinga.

Som tidlegare år blir det også mogleg å følge møta på strøyming, men berre den første delen: Etter dei planlagte vitnesbyrda frå scena blir det åpning for frie vitnesbyrd frå møtedeltakarane. Det blir det kun mogleg å få med seg om ein er i salen.

– Det er viktig at vi ser kvarandre i augo, og ikkje berre gjennom ein skjerm, seier Nyli.

Ho trur at det på ungdomsmøtet kan bli spesielt trykk på dei frie vitnesbyrda.

– På ungdomsmøter er det ofte mange som vil dele, og både her og på «vaksen»-møta kan det vere nokon som ønsker å dele, som kanskje heller skulle fått forbøn. Det er viktig å utøve pastoralt skjøn. For eksempel skal vi dele frå arr, ikkje sår, seier ho.

Pangstart med ungdomsmøte

Fellesmøtene har vore ei tradisjonell møteveke frå tysdag til søndag, men no starter veka med ungdomsmøte laurdag og barne- og tweensmøte søndag, og blir avslutta med gudsteneste med nattverd torsdag kveld.

– Den første helga i året kjem tidleg i år, og vi håper at ungdomsleiarar og kyrkjelydsleiarar vil setje pris på å kunne ta med seg flokken sin til Fellesmøtene laurdag og søndag, freister Nyli.

Ho meiner ein av ettervirkningane av korona-pandemien er at vaksne har blitt ekstra glade i å sitte heime i sofaen på fredags- og laurdagskvelden, og medgjer at det er ein medvirkande årsak til at ein no forsøker seg med ny «timeplan».

Stille før stormen

Når Vårt Land snakkar med Nyli laurdag føremiddag, skildrar ho sinnstilstanden før det venta innrykket av 5-7000 møtedeltakarar som «stille før stormen». Medan vi snakkar saman triller det inn hastemelding frå Yr om at det er venta svært store snømengder på Sørlandet mot slutten av helga.

– Eg vonar at det ikkje slår til og snør for mykje, for då held sørlendingane seg fort heime, humrar Nyli.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Mer fra: Religion