– Ordet lek er fint det, men det opplevast noko underleg, og kanskje gjev det folk kjensla av ei slags B-teneste. Eller noko ulærd, for den saks skuld.
Det seier diakon Eilev Erikstein. Han vart vigsla til kyrkjeleg teneste for over tretti år sidan, og synest det er noko rart med å bli kalla for ein lekperson.
No ber han leiinga i Den norske kyrkja om å gjera noko med saka. Han får full støtte frå kyrkjerådsleiar Harald Hegstad.
Hegstad vil kvitte seg med lek-omgrepet, som han seier «heng att» i ein del regelverk i kyrkja.
– «Lek» er eit omgrep som seier noko om kva ein ikkje er, det seier ikkje noko positivt om kva kvalifikasjonar ein har, seier kyrkjerådsleiaren.
Slår ein «lek» i denne tydinga av ordet i ordboka får ein opp «som ikkje er prestevigd, som ikkje er faglært eller sakkunnig; ulært».
Historisk sett har ein nytta omgrepet i Den norske kyrkja for å skilje mellom dei som er prestar, eller geistlege om du vil, og alle andre.
Lek teologiprofessor
– Lek tyder eigentleg ulærd. Prestane var dei lærde som hadde studert, forklarar Hegstad.
Han nyttar seg sjølv for å forklare kvifor dette ikkje nødvendigvis er ein nyttig distinksjon lengre.
Hegstad er professor i teologi, og vigsla prest, men ifylgje kyrkjereglane er han «lek», fordi han sit som folkevalt leiar i kyrkjedemokratiet.
– Det blir ein veldig merkeleg språkbruk, meiner professoren.
Han meiner omgrepet kan vera misvisande fleire måtar:
– Ein vigsla diakon er til dømes ein lek-kyrkjeleg tilsett. Det skaper forvirring.
Det same fjor tok diakon i Bragernes kyrkjelyd, Edel Merete Gervin, opp temaet i ein kronikk der ho tok til orde for at ein slutta å nytte lek-omgrepet om kyrkjeleg tilsette:
«Det er eit utdatert språk som i beste fall er misvisande, og i verste fall undertrykkjande og nedlatande», skreiv diakonen.
For medan det berre var prestar som før blei vigsla til teneste, gjeld dette no fleire yrkesgrupper: diakonar, kateketar og kantorar. Og fram til nyleg var eit anna omgrepsskilje mellom gruppene, der prestane blei «ordinerte», medan dei andre, nyss nemnde yrkesgruppene blei «vigsla».
Men i fjor gjekk Bispemøtet, der alle biskopane sit, inn for å nytte omgrepet «vigsling» om alle yrkesgruppene.
Vurderer å fjerne eigne kategoriar for tilsette
Dette var også ein kampsak for diakon Erikstein. Når dette no er ordna opp i, meiner han det er naturleg å sjå på ordet lek. Det blir nytta i fleire delar av kyrkjeregelverket.
Det kanskje mest synlege er at det i kyrkjevalet er eigne kategoriar for lek kyrkjelege tilsette, valt inn av leke kyrkjeleg tilsette i bispedøma. Prestar i Kyrkjemøtet blir valt inn av prestar i bispedøma.
Ein er alt i gang med ein prosess for å gå gjennom og endre kyrkjevalreglementet. I denne samanhengen meiner Hegstad at det vil vera naturleg å diskutere omgrepet.
Det er på Kyrkjemøtet, det øvste, demokratiske organet i Den norske kyrkja, til neste år at ein skal sjå konkret på formuleringar i dette regelverket, fortel kyrkjerådsleiaren.
Han meiner ein i mange tilfelle vil kunne bytte ut «lek» med «folkevald».
Eit anna spørsmål ein vil sjå på i arbeidet med kyrkjevalreglane, er om ein i det heile skal ha eigne kategoriar for tilsette i kyrkja, eller om alle skal bli valt inn valt direkte av kyrkjemedlemmane, fortel Hegstad.