Religion

Sakna å vera prest, sa ja til å feire jul på oljeplattform: – Eg trong ei utfordring

PRESTETENESTE: I jula styrkar Sjømannskyrkja nærværet i Nordsjøen. Totalt har ti frivillige hatt ei annleis julefeiring i år.

– Eg er ikkje spesielt tøff, men eg har litt eventyrlyst, og eg trong ei utfordring.

Det seier Carl Petter Opsahl. Han snakkar med frå Vårt Land frå Snorre A, ei oljeplattform utanfor Florø.

Men for å koma seg dit som juleutsending for Sjømannskyrkja måtte han mellom anna hoppe frå høgder og gå gjennom eit simulert helikoptervelt i basseng. Ikkje ei heilt vanleg førebuing til eit presteoppdrag, men tryggleikskurs må alle som skal på plattform ha.

Til vanleg har Sjømannskyrkja sju tilsette som jobbar som sjømannsprestar offshore. I tillegg la organisasjonen ut ei utlysing på det sosiale mediet Linkedin, der dei etterlyste personar som hadde lyst på «ei annleis jul».

For i forbindelse med jul har dei hyra inn ti juleutsendingar som brukar 3–5 dagar rundt julaftan for å vera offshore i høgtida. Dei utsende er frivillige, som regel prestestudentar eller folk som ikkje har arbeidd som prestar på ei god stund.

Opsahl er ein av dei.

– Eg har vore prest i mange år. No er eg lærar, og sjølv om eg elskar det, så saknar eg å vera prest.

Difor fann han ut at det å bruke jula på å vera der for nordsjøtilsette som er på jobb i høgtida var ein fin ting.

Dessutan har 20 år som gateprest i Oslo gjort han vane med å feire jul med andre enn berre kjernefamilien.

Behovet er større enn kapasiteten

Gisle Meling er ein av dei sju faste prestane i offshore-tenesta. Han opplever det som meiningsfullt å vere på plattforma i jula.

– Det er klart at du kjenner at du er vekke frå dine eigne, men når det er sagt så er du blant andre som også gjerne skulle ha vore heime, seier han.

Offshore prestetjeneste

Den faste prestetenesta blei etablert på 80-talet, men å ha utsende på plattformene i jula har vore tradisjon endå lenger enn det. Målet er å skape ekstra juleglede.

– Akkurat i jula synest dei det er ekstra stas at me er der, seier Meling.

Han fortel at dei prøver å møte ynska til arbeidarane, men at behova er større enn kapasiteten.

Offshore prestetjeneste

– Me hadde ti frivillige i år, men berre ein av åtte plattformer eg har ansvaret for fekk besøk av oss i år.

Meling feira sjølv med familien sin i år, men til neste år må han ut på sjøen igjen.

Freistar til gjentaking

På julaftan held juleutsendingane gudsteneste, og elles skal dei vera tilgjengelege for samtaler for dei som ynskjer det, fortel juleutsending Opsahl.

– Korleis har du blitt tatt imot?

– Som ein konge. Heilt fantastisk. Det er så mange flotte folk her, seier ein oppglødd Opsahl.

Han fortel at arbeidarane ikkje har mykje fritid, mellom 12-timars skift og søvn, men at dei rakk å ha litt juleunderhaldning på julaftan, og at han elles har hengt litt rundt for å snakke med folk.

– Nokon er her for fyrste gong i jula og synest det er litt skummelt. Dei som har vore her mykje er vane med å vera vekke heimanfrå, men avskjeden med dei ein er glad i kan vera vanskeleg likevel, seier Opsahl.

Han seier dei er flinke til å skape julestemning på plattforma han er på, og at det «eit juletre i kvar krok».

På spørsmål om det freistar å feire jul offshore på nytt, kjem fyrst eit raskt «absolutt», før han må moderere seg litt:

– Eg må nok høyre litt med familien fyrst, og kanskje vente nokre år.

– Skal ikkje omvende folk

Andre juledag har dei fleste utsende heimreisedag, ifylgje Meling, og han er spent på å høyre korleis dei har opplevd annleis-jula.

Offshore prestetjeneste

– Kva slags behov dekkjer ein offshore-prest?

Det er eit godt spørsmål, svarer Meling, og tenkjer seg om.

– Me fyller noko som er vanskeleg å sette ord på i det daglege. Og i kriser så har me ein støttande funksjon for arbeidarane. Heimelen vår ligg i beredskapen.

Han understrekar at dei ikkje skal drive med aktiv misjonering, men vere gode medmenneske

– Me er tydelege på det, også med juleutsendingane, at målet ikkje er å omvende folk.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Julie Horpestad

Julie Horpestad

Julie Horpestad er tilknyttet Vårt Land som journalist i religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Religion