Førre veke meldte Porsgrunns Dagblad at Herøy kyrkje blir mellombels stengt, i fyrste omgang gjennom vintersesongen.
– Ikkje ofte ein gjer så drastiske tiltak som å stengje ei kyrkje. Det er både trist og beklageleg, seier leiar for soknerådet, Ånund Hobbesland, til PD.
Det var gudsteneste i Herøy kyrkje på julaftan, og der skal også vera éi på sundag 29. desember, men etter nyttår blir dørene stengt.
– Forhåpentlegvis kan me finna andre måtar å spara kostnader på, slik at Herøya kyrkje kan opnast att til våren. Ingen er tente med stengde kyrkjer, seier Hobbesland vidare.
Kyrkjesjefen: – Kutt utan forvarsel
Bakteppet for den krevjande økonomiske situasjonen er at Porsgrunn bystyre nyleg vedtok å kutte 930.000 kroner til Porsgrunn kyrkjelege fellesråd.
Kyrkjesjef i Porsgrunn, Johannes Sørhaug, har tidlegare fortalt til Porsgrunns Dagblad at han fekk sjokk då han høyrde om forslaget fyrste gongen, og at kuttet i verste fall kan føre til at ein må stengje tre kyrkjer og seie opp fleire tilsette:
Han seier til Vårt Land at det er dramatisk at fellesrådet no ser seg nøydde til å stengje kyrkja.
– Det er absolutt ikkje noko vi ynskjer, men fellesrådet har prøvd å snu alle steinar og sett på alle høve for å spare pengar, utan å koma i mål.
Han fortel at saka no er sendt til biskopen for godkjenning.

Sørhaug ser for seg at stenginga vil vare til rundt påske, når den kaldaste og mest straumkrevjande tida på året er omme.
– Kan det vere aktuelt med fleire kutt?
– Fellesrådet vil sjå på om det er naudsynt, og starte ein dialog med dei to sokneråda i Porsgrunn for å undersøkje om det er mogleg å samle nokre av aktivitetane. Samstundes vil me sjå på det som kan gjerast av forbetringstiltak.
Robert Weler (Framstegspartiet) sit i formannskap og bystyre i Porsgrunn. Han seier til Telemarksavisa at den det var den stramme økonomiske situasjonen i kommunen som var bakgrunnen for kuttet. På spørsmål frå avisa om det er greitt at ei kyrkje blir stengd som fylgje av dette svarar han:
– Det er vel på lik linje med at ein barnehage også måtte stengje på grunn av den økonomiske verkelegheita.