Religion

Normisjon ligg 10 millionar bak inntektsmål

MISJON: Normisjon slit med å nå inntektsmålet for i år. Organisasjonen peikar på usikker verdsøkonomi og dyrtid.

For 2024 har Normisjon eit mål om å få samla inn 37 millionar kroner i gåver. Ved utgangen av november var det berre komme inn 27 millionar kroner. Dermed gjenstår 10 millionar.

Det opplyser Normisjon til Vårt Land.

– Ut frå tidlegare erfaringar veit me at mykje av gåveinntektene kjem mot slutten av året. Akkurat no er eg spent på om me når ramma me har sett oss for i år, seier Eivind Milton Saaghus, økonomi- og administrasjonssjef i Normisjon, i ei pressemelding.

Mange kjenner på auka utgifter og usikkerheit – det gjer me i Normisjon også.

—  Eivind Milton Saaghus, Normisjon

Saaghus seier dagens situasjon er utfordrande, og peiker på dyrtid og eit krevjande verdsbilde i Europa.

– Mange kjenner på auka utgifter og usikkerheit – det gjer me i Normisjon også. Dagens situasjon utfordrar oss, men me ser samstundes kor viktig arbeidet vårt er.

Nivået på gåveinntekter har gått nedover i mange år, skriv Normisjon i pressemeldinga. For ti år sidan var inntektene på 50 millionar kroner i året. I fjor var talet rett under 40 millionar kroner. Det heng saman med ein nedgang i tal på givarar.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion