Religion

– Er ikkje dette drøyt? Kva går det av Jesus her?

BIBEL: Det er viktigare å framstille Jesus med makt og autoritet enn som snill og kjærleg. For moderne lesarar kan dette verke veldig framand, forklarer Per Kristian Hovden Sætre.

Markusevangeliet fortel om at Jesus forbanna eit fikentre:

Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten. Langt borte såg han eit fikentre med lauv på. Han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna noko på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv, for det var ikkje tid for fiken. Då sa han til treet: «Aldri meir skal nokon eta frukt av deg!» Og læresveinane høyrde det (…) Tidleg om morgonen gjekk dei forbi fikentreet, og då såg dei at det hadde visna heilt ifrå rota. Peter kom i hug Jesu ord og sa: «Rabbi, sjå fikentreet som du forbanna! Det har visna». (Markus 11,12–14.20–21)

Spørsmål:

– Er ikkje dette drøyt? Alt som lever er vorte til ved Jesus. No forbannar den same Jesus eit verjelaust tre – av di det ikkje trassar årstidene. Episoden tek ikkje søvnen frå meg. Men kva går det av Jesus her?

Svar frå soknepresten:

Det er neimen ikkje heilt lett å verte klok på Jesus i denne forteljinga. Handlinga er i og for seg enkel. Jesus er svolten og ser eit fikentre. Han går bort til treet, men finn berre lauv. Evangelisten forklarer at det var feil tid på året for fiken. Det er rett og slett for tidleg – noko som passar med at evangelisten plasserer hendinga like før påske. Likevel forbannar Jesus treet. Nokre vers seinare finn læresveinane ut at treet døydde etter dette. Jesus framstår både destruktiv og urimeleg – kva er dette for noko?

Episoden utfordrar vanlege bilete av Jesus. At Jesus er ein snill og hyggeleg er ei oppfatning som sit djupt i kulturen, både innanfor og utanfor kyrkjeveggane. Me les Bibelen med det som føresetnad. Det er berre det at ikkje alle tekstar er villige til å samarbeide på slike vilkår. Evangelia gjev Jesus ei rekkje positive eigenskapar, og i vår kultur tenkjer me at «snill» og «sympatisk» heng naturleg saman med Jesu visdom, truskap og kjærleik. Det er ikkje dermed sagt at ein forstod det slik i antikken. I det apokryfe skriftet Tomas’ barndomsevangelium finn me til dømes Jesus som eit barn med undergjerande krefter som kan både øydelegge og drepe. Det er viktigare å framstille Jesus med makt og autoritet enn som snill og kjærleg. For moderne lesarar kan dette verke veldig framand.

Dette er drøyt, men det er også litt av poenget

Likevel er det ikkje slik at brot på normene ikkje betyr noko. Forteljinga i Markus minner også om dei profetiske teikna i GT. Fleire av profetane oppfører seg ved fleire høve absurd eller usømeleg på instruks frå Gud. Jesaja gjekk til dømes naken rundt i tre år (Jes 20,1–3), Jeremia knuste ei krukke midt under ein tale (Jer 19,1–13) og Esekiel låg rett ut på bakken i over eitt år (Esek 4,4–6). I desse forteljingane er normbrota gjorde med fullt overlegg og legg opp til å verte tolka symbolsk. I tillegg har fikentreet ei særleg symbolsk tyding i nokre profettekstar. Profeten Mika klagar til dømes over at han ikkje finn rettferdige folk att i Israel. Då samanliknar han seg med ein som ikkje finn fiken å ete på treet (Mika 7,1, sml. Jer 8,13). I Mika-boka er dette eit språkleg bilete, men når Jesus leitar i fikentreet utanfor Jerusalem, vert det ei konkret profetisk handling.

I Markus er forteljinga om fikentreet eigentleg delt i to (slutten kjem i v. 20–25). Mellom dei to delane kjem ei anna forteljing der Jesus heller ikkje er noko dydsmønster, når han veltar bord og benker i tempelet. Dette er eit anna profetisk teikn, ramma inn av forteljinga om fikentreet. Lese i lys av kvarandre, peikar båe mot øydelegginga av tempelet. Tempelet har vorte ei røvarhole og fikentreet ber ikkje frukt - dermed vil båe visne bort. Slik vert det også forståeleg kvifor Jesus aldri forklarer det han gjer her, men går rett over i oppfordringar om å be (v. 22–25) – slik kan ein unngå fikentreet sin lagnad.

Så, for å oppsummere, dette er drøyt, men det er også litt av poenget. Det drøye demonstrerer i og for seg Jesu makt, men der er også så merkeleg at det får lesaren til å leite etter ei symbolsk tyding i det som skjer. Dei fyrste lesarane kjende denne sjangeren – me må tenkje oss litt om.

Teksten er tidligere publisert i magasinet Strek.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion