Religion

To vandringar – to gåter

25. SØNDAG I TREEININGSTIDA: Kvifor er det berre Matteus som fortel om Peters vandring på sjøen?

Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be. Då det leid til kvelds, var han der åleine. Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot. Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei gripne av redsle. «Det er eit gjenferd!» sa dei og var så redde at dei skreik. Men i det same tala [Jesus] til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»

Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?» Så steig dei opp i båten, og vinden stilna. Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!» Då dei kom over sjøen, la dei til lands i Gennesaret.

Matt 14,22–34

Tekstblikk: To vandringar – to gåter

Hans Johan Sagrusten, teolog, prest, bibelomsetjar og forfattar

Sagrusten

To gåter omgjev teksta om da Jesus gjekk på vatnet: Kvifor er det berre Lukas som ikkje har med denne forteljinga? Og kvifor er det berre Matteus som fortel om Peters vandring på sjøen?

Heilt sidan oldkyrkja har ein vore klar over desse gåtene. Alt på 300-talet viste Eusebius frå Cæsarea (d. 339) at teksta om underet på sjøen er med hjå Matteus, Markus og Johannes, men ikkje hjå Lukas.

Eusebius laga ei oversikt over tekster som finst i fleire av evangelia: Han gav kvart avsnitt i evangelia eit nummer og sette dei opp i tabellar, ei spalte for kvart evangelium. I tabellane kunne ein t.d. sjå at avsnitt 150 hjå Matteus liknar på avsnitt 67 hjå Markus og avsnitt 51 hjå Johannes.

Og ganske riktig: Når vi slår opp desse nummera i det greske nytestamentet, ser vi at forteljinga om da Jesus gjekk på vatnet står i Matt 14,22–27, Mark 6,47–50 og Joh 6,16–21, medan ho ikkje er med hjå Lukas.

Det er få tekster som finst i akkurat denne kombinasjonen: at dei står hjå Matteus, Markus og Johannes, men ikkje hjå Lukas. Det er mykje vanlegare at ei tekst finst hjå Matteus, Markus og Lukas. Teksta om vandringa på sjøen er den lengste av alle som berre finst hjå Matteus, Markus og Johannes.

Kvifor tok ikkje Lukas med forteljinga i boka si? Syntest han kanskje at ho likna for mykje på forteljinga om da Jesus stilte stormen, sidan begge endar med orda om at vinden stilna? Ville han unngå å seia det same to gonger?

Den andre gåta – kvifor berre Matteus fortel om Peters vandring på sjøen – er òg vanskeleg. For denne delen av forteljinga verkar ikkje som eit tillegg; ho bruker mange av dei same orda som den fyrste delen av forteljinga, som at Peter vandra på vatnet, at han vart redd og at han ropa av redsle.

Peters vandring på vatnet manglar heller ikkje i eit einaste gresk manuskript av Matteusevangeliet, enda det finst omkring 2500 slike. Vi får altså inga løysing av gåta, men endar opp med dette: Matteusevangeliet fortel om alt dette som éi hending, og slik har forteljinga vorte lesen i 2000 år.

Prekenblikk: Den fjerde nattevakt

Ingrid Brækken Melve, teolog, salmedikter og forfatter

.

Frykt beskytter oss mot farer, frykten er et helt nødvendig instinkt for artens overlevelse. Den får oss til å styre unna dumdristige planer, unødvendige sjanser, den er iblant tyngdekraften vi trenger for å komme oss ned på jorda. Uten frykten glemmer vi at vi er kjøtt og blod – sårbare, myke vesener.

Men i våre fjerde nattevakter, når stormene vi alle kommer utfor en eller annen gang har fått herjet med oss, og dypet under oss er stort og mørkt, langt fra dagslys og fastland, da er det kanskje ikke mer frykt vi trenger. Den kan gjøre oss stive og kalde som steiner. Og steiner synker til bunns, synker helt ned i dypet.

I den fjerde nattevakta har mørket hatt makta i mange timer. Så lenge at et plutselig lys som bryter gjennom virkeligheten kan være mer skremmende enn mørket, det er noe som er for godt til å være sant. Han kommer med et håp sterkere enn tyngdekraften. Disiplene trodde det var et gjenferd de så. Men midt i stormen bryter Jesus gjennom nattens virkelighet, og sier: «Det er jeg, vær ikke redde!»

De mørke dypene, stormene og nettene vil komme, det er en del av vår virkelighet. Men Guds sønn rekker oss hånda, griper om oss og ber oss være ved godt mot. For han kan føre oss trygt over til nye strender.

---

Bibelbetraktninger

  • Hver onsdag får du bibelbetraktninger for helga. De er skrevet ut fra søndagens tekster, hentet fra tekstrekkene som blant annet Den norske kirke bruker. Iblant er den gammeltestamentlige teksten i fokus.
  • Tekstblikket gir fagkunnskap om bibelteksten, og er skrevet av en bibelviter. Prekenblikket angir noen punkter til inspirasjon for forkynnelse over teksten.
  • Våre skribenter er: Ellen Aasland Reinertsen, Hans Johan Sagrusten, Hilde Brekke Møller, Marianne Bjelland Kartzow, Håkon Sunde Pedersen, Ole Jakob Filtvedt, Karl Olav Sandnes, Ingunn Aadland, Ingrid Melve, Lena Stordalen og Åste Dokka.

---

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion